Arkiv

Monthly Archives: september 2013

Sjå Kjartan Slettemark på museet for samtidskunst, et ein skikkeleg god søndagsmiddag, tenk på alle dei fine og flinke venene dine og lag ein digg matcha latte. Det gjorde eg i helga, og det gjorde godt innerst i sjela.

IMAG1100IMAG1098Eg vispa saman ei kvart/halv ts matchapulver med vatn (finmalte grøne teblad, ikkje bruk det beste du har, sidan du likevel skal blande det ut). Om lag 70 grader. Og så blanda eg inn ei ts honning og helte inn steama havremjølk. Kan godt bruke vanleg mjølk òg. Og så er det berre å nyte. Nerdekoppen vitnar om den fine fysikaren eg deler leilighet med.

Advertisements

Og så til det alle lurer på. Kva i allverda har eg i glasset for tida? Og kva bok har eg i fanget?

IMAG1081IMAG1082IMAG1079For eit par år sidan var eg heilt hekta på pu erh-te. Te frå Yunnan i Kina som helst har vore lagra lenge. Den er mørk som kaffi (vanlegvis, ikkje på biletet over), djup på smak, smakar kanskje litt av våt jord og passar perfekt på denne tida av året. Min puh erh har bitar av ingefær, i tillegg til å vere lagra i ein boks som er laga av kanelbark (!) som gjer at den trekk til seg litt kanelsmak. Heilt himmelsk. Men pu erh er veldig godt i seg sjølv, utan tilsett smak, og veldig sunn. Oftast er teblada lagra samanpressa i små eller store kaker.

Og så har eg nokre sider att av Knausgård sitt storverk, 3. bok. Det er heilt fantastisk stor litteratur. Eg har brukt lang tid, lest andre bøker innimellom, men kjem alltid tilbake. Og så slår det meg på nytt kor bra det er. Stakkars alle som er i nærleiken av meg når eg har ein Knausgård-periode. Då snakkar eg ikkje om anna.

IMAG1074Når det er kaldt ute, burde det kanskje helst vere noko varmt i koppen. Men te er òg veldig godt kaldt. Og heimelaga iste, kaldbrygga på kvalitetsblad, er doggfrisk og  sunnare enn isteen du får kjøpt på butikken. Det må kanskje litt tilvenning til – denne teen er utan tilsett søtning, berre te og vatn. Om du er lei av vatn, og ikkje har lyst på saft med sukker eller kunstig søtsmak, så er iste perfekt. I tillegg får du masse ekstra vitaminar på kjøpet.

Korleis gjer du det? Finn fram til den teen du har lyst på – oolong og grøn te passar fint, vel gjerne ein med tilsette smakar (naturlege) som mynte, kirsebær eller blomar om du likar det. La teen trekke i ei tekanne i berre kaldt vatn i nokre timar, gjerne over natta. Resultat: Fantastisk fersk og tørsteslukkande kald te. Du treng ikkje å ha fancy teutstyr, du kan berre helle te og vatn i ein vanleg mugge og berre helle gjennom ei sil når du skal drikke det òg. Ver kreativ.

I går kveld kaldbrygga eg oolongteen eg kjøpte i Sverige på Tekultur, etter tips om at den var spesielt god til dette. Det er ein mørk oolong frå Taiwan som heiter «Dark Pearl», og den sette mykje smak og fin farge på vatnet, veldig fruktig. Så god at eg slukte i alle fall ein halv liter til frukosten i dag tidleg. Kanna mi (på biletet) tek om lag ein liter vatn, og eg brukte vel 10-15 gram te til det. Men det blir ikkje bittert, så det er ikkje så farleg om du brukar litt for mykje.

Ekstratips: På Palais des Thés i Oslo har dei eigne tear som dei tilrår til brygging av iste. Dei er gode!

 

IMAG1046IMAG1048I dag tidleg trakk eg ei visdomstann. No ligg eg på sofaen, sløva ned med smertestillande og jobbar litt innimellom. Varme drikkar går ikkje så bra, men te må ein jo ha. Så eg fann fram den fine, kvite teen eg kjøpte på Tekultur i helga. Ein økologisk Bai Hao Yinzhen (òg kalla Silver Needle, på grunn av dei fine blada), frå Fujian i Kina. Det er kanskje ein av dei finaste og beste kvite teane som fins.

Eg trekte teen på omtrent 70 grader, lot den stå i heile fem minutt, fjerna teblada og venta. Venta til teen hadde kjølt seg ned til romtemperatur. Så drakk eg sakte. Teblada er skikkeleg luftige og lette, så om du har lyst til å prøve, bruk meir te enn du trur du treng.

Fargen er lys champagne, smaken er lett og mild, søt, med ein ettersmak av melon. P-e-r-f-e-k-t på ein slik dag.

IMAG0994IMAG0986IMAG1002IMAG1014IMAG1023
Om du nokon gong er i Göteborg og er på leit etter skikkeleg god te, sjå til at du går innom fabelaktige Tekultur, som ligg i Andra Långgatan 7, like ved Haga. Liten butikk, men du verda for eit utval av fine tear (og kanner, koppar og kar). Triveleg og kunnskapsrik fyr bak disken òg. Det er ein rein te-butikk, så du slepp lukta av fersk kaffi som snik seg innpå medan du prøvar å lukte deg fram til god te. Kjøpte to små japanske koppar, ei tesil, ein kvit te og ein mørk oolong. Gler meg til å smake dei! Skal skrive meir om det seinare. Ps. For ein skikkeleg fin by!

wpid-IMAG0969.jpgIMAG0982IMAG0974
Vinka ha det til Kjartan Slettemark i puddelkostyme på Oslo S (ein av mine favorittkunstnarar!) og tok toget til Göteborg. I kveld skal eg feire eit par ting og skåle i champagne, i morgon skal eg leite etter ein bra te-butikk eg har fått tips om. Håpar alle ser fram mot ei fin helg. Stress ned og ta ein kopp te!