På jobb

Eg er kresen.

Om eg får valet mellom gamal posete frå Lipton eller ein kopp heilt ok kaffi – så tar eg kaffikoppen. Og sidan Noreg framleis på mange måtar er eit u-land når det kjem til te, er det lettast å berre ta med sin eigen te om eg vil ha kvalitet utanfor heimen. På jobb har eg med ein liten kopp med brei sil. Kjøpte denne på Black Cat på Byporten i Oslo til ein billig penge. Heilt grei.

IMAG0623Eg går alltid amok kvar vår og kjøper inn heilt enorme mengder med darjeeling first flush-tear, som eg sjølvsagt aldri klarer å drikke opp. Å, smaken av vår! Mitt nye prosjekt er å ta med slike restar på jobb for å klare å drikke det opp. Slik at eg med godt samvit kan kjøpe inn store mengder att til neste vår.

IMAG0622Balasun DJ9 SFTGFOP1 frå 2010, kjøpt på fantastiske Le Palais des Thés i Oslo. Var litt usikker på om den hadde klart seg, men det viste seg å ikkje vere grunn til bekymring. Teen har vore oppbevart lufttett, mørkt og kjølig, så i prinsippet skulle det gå bra.

(Ein tommelfingerregel er at til fleire bokstavar som står lista opp bak nemnet på ein te – til betre kvalitet er det på teen.)

IMAG0617Ah. Herleg. Foto er frå etter andre trekking, framleis varm gylden og litt intens i fargen. Smakar lett og fruktig, men har ein lang og god ettersmak. Passar godt til dei som ikkje er så kjend i firstflush-landskapet, trur eg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: