Grøn te og samuraimorgon

IMAG0676Etter ein sein laurdag med mykje anna å drikke enn te, er det få ting som kan redde søndagsmorgonen betre enn sterk, energirik og fersk grøn te. Denne er ein japansk sencha frå Uji, Ryokucha Midori. Det er faktisk teen som dei japanske samuraiane skal ha drukke!

Ikkje så glad i grøn te, kanskje? Det er fordi du sannsynlegvis alltid har fått den servert heilt feil. Grøn te treng du ikkje trekke på meir enn 60 grader, i toppen eitt eller to minutt. Då blir ikkje teen bitter. Grøn te trekt på kokande vatn blir udrikkeleg for min gane.  Om du har bestilt grøn te på ein kafé og ser at dei tek vatnet kokheitt rett frå espressomaskina (fysj!), kan du be dei putte eit par isbitar i vatnet for deg, og sjølv fjerne teen frå vatnet nesten med ein gong du får den servert. Eitt minutt går fortare enn du trur! Eg garanterer deg ei betre teoppleving. Dette gjeld spesielt dei japanske.

God søndag!

Advertisements
2 comments
  1. Anne said:

    Du er herved lagt inn på min bloggliste! Jeg elsker te og kommer til å lese hver en post fra deg 🙂 Grønn te er himmelsk! (men med små barn i huset er jeg blitt alt for flink til å glømme tesila i koppen alt for lenge… Grønn te trukket i tjue minutt er ikke å anbefale!)

    • Takk for fin kommentar! Ja, det er ganske vanskeleg å holde orden på trekketid når ein ikkje er fullstendig konsentrert.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: