Rask energi

IMAG0741IMAG0743IMAG0737Var oppe før sola (nesten) for å reise på jobbseminar. Lyset ute var grått og rart. Snart haust. Eit sterkt behov for ein energidusj, men dårleg tid til frukost. Svaret var å vispe saman ein litt sterk matcha. Det er finknuste, grøne japanske teblad, med masse koffein og næringsstoff. Eg brukar ein chasen, bambusvisp, og piskar pulveret saman med vatn på låg temperatur i ei matchaskål, heller det over i eit glass – og heller nedpå.

Eg likar smaken, men det kan lett bli litt bittert. Då er det lov til å putte i litt søtning, til dømes honning. Det er òg heilt himmelsk å steame litt mjølk og helle i, for ein matcha latte. Eller bruke matchaen til matlaging. Men det må bli ein annan dag!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: