Tid til te

Nokre typar te er ein nødt til å ta seg tid til. Te som må drikkast sakte. For ei stund sidan kjøpte eg ein svart Jukro frå Hadong, Korea. Det er kanskje den dyraste teen eg nokon gong har kjøpt, men kanskje òg ein av dei mest spesielle smaksopplevingane eg har hatt. Denne drikk eg berre når eg kjenner at eg har tid til å nyte den. Søndagar er perfekt. Eg kan trekke blada opp til 10 gongar, og drikk teen utover dagen, medan eg les ei god bok, graver meg igjennom bunken av aviser som har samla seg opp gjennom veka, bakar brød, blar i kokebøker eller berre surfar rundt på internett.

IMAG0830IMAG0831IMAG0835IMAG0840Teen er pakka saman til ei kake på 100 g, vakker pakka inn i papir og lufttett boks i gullfarge. Denne teen tåler ein del varme, eg brukte om lag 90 grader.

IMAG0842Blada etter første trekking.

IMAG0848Smakar sterkt av rå sjokolade aller først, så litt vanilje, etterkvart litt varm frukt og nøtter, og ein lang ettersmak som går over i smak av tre. Fargen etter første trekking er djup, varm, raud. Det luktar heilt herleg.

 

Follow my blog with Bloglovin

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: