Kald te

IMAG1074Når det er kaldt ute, burde det kanskje helst vere noko varmt i koppen. Men te er òg veldig godt kaldt. Og heimelaga iste, kaldbrygga på kvalitetsblad, er doggfrisk og  sunnare enn isteen du får kjøpt på butikken. Det må kanskje litt tilvenning til – denne teen er utan tilsett søtning, berre te og vatn. Om du er lei av vatn, og ikkje har lyst på saft med sukker eller kunstig søtsmak, så er iste perfekt. I tillegg får du masse ekstra vitaminar på kjøpet.

Korleis gjer du det? Finn fram til den teen du har lyst på – oolong og grøn te passar fint, vel gjerne ein med tilsette smakar (naturlege) som mynte, kirsebær eller blomar om du likar det. La teen trekke i ei tekanne i berre kaldt vatn i nokre timar, gjerne over natta. Resultat: Fantastisk fersk og tørsteslukkande kald te. Du treng ikkje å ha fancy teutstyr, du kan berre helle te og vatn i ein vanleg mugge og berre helle gjennom ei sil når du skal drikke det òg. Ver kreativ.

I går kveld kaldbrygga eg oolongteen eg kjøpte i Sverige på Tekultur, etter tips om at den var spesielt god til dette. Det er ein mørk oolong frå Taiwan som heiter «Dark Pearl», og den sette mykje smak og fin farge på vatnet, veldig fruktig. Så god at eg slukte i alle fall ein halv liter til frukosten i dag tidleg. Kanna mi (på biletet) tek om lag ein liter vatn, og eg brukte vel 10-15 gram te til det. Men det blir ikkje bittert, så det er ikkje så farleg om du brukar litt for mykje.

Ekstratips: På Palais des Thés i Oslo har dei eigne tear som dei tilrår til brygging av iste. Dei er gode!

 

Advertisements
3 comments
  1. jmdahl said:

    Kald oolong er fantastisk! Då eg arbeidde på kaffibar lagde eg alltid det, og pusha det etter beste evne til kundane mine. Dei ville helst ha noko smakssett, men eg klarte å konvertere nokon få. Og for ein deileg farge!

    • Ja, og så luktar det så godt og ferskt. Og når ein brygger teen på denne måten, så blir den så mild at det går an å drikke store, store mengder.

  2. Tilbakeping: H2O | Plantebrygg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: