Arkiv

Monthly Archives: oktober 2013

wpid-20131030_104135.jpgDet går veldig mykje i slik te for tida. Det skjer så innmari mykje, og eg får nesten ikkje tid til å sette meg ned å nyte ei god kanne. Dette har skjedd dei siste par vekene:

– Eg har kjøpt leilegheit! Saman med han som eg helst vil bu saman med. Ei fantastisk lita perle på Grünerløkka med stor peis på soverommet, badekar, kvitmalte golv, eit ekstra rom og innflyttingsklar om ein månad.

– Skal selje noverande leilegheit (med alt som følgjer med av rydding, vasking og kasting).

– Planleggjer ei fin reise til London for å treffe bra folk (og teste ut teen der). Tips?

– Prøvar å helse på nabolagskatten så ofte eg ser han (blir trist å flytte frå han) og nyte siste rest av det vakre haustlyset.

wpid-20131020_122440.jpgSå difor har det vore litt stille her. Men ber over med meg! Snart er eg tilbake.

wpid-20131017_164704.jpgwpid-20131017_164618.jpgwpid-20131020_113815.jpgwpid-20131020_114553.jpgEg trur det var Agnes Ravatn som ein gong svarte på spørsmålet om ho kunne dele sitt beste skjønnheitstips, at det var å høyre på ei forelesning på podcast medan ho sminka seg.

Inspirert av dette svaret,  vil eg gjerne dele mitt beste skjønnheitstips; å lese eit essay medan eg drikk ein kopp te (og masse vatn). Godt for hovudet, godt for kroppen.  Les for eksempel Karin Moe. Eller Dag Solstad. Eller Arne Garborg. Eller Jon Fosse. Det er eit hav å ta av. Det får tankane til å krølle seg litt, før dei breiar seg ut. Og alle som ser deg gå nedover gata ser på deg at du ber på meir enn eit vakkert sminka andlet. Vakkert.

(Ps. Teen eg drikk i dag er ein grøn te med roser og mandel frå Le Palais des Thés)

wpid-20131013_104513.jpgwpid-20131013_104644.jpgNår eg først skal ha mjølk i teen, så er det ikkje nok med ein skvett. Her ein morgon gravde eg fram ein skikkeleg gammal yunnan som hadde sett sine beste dagar i fjor. Brygga han ganske lys (brygg gjerne sterkt om de skal ha mjølk i teen) og helte over ein god slump varm, steama mjølk. Godt, trygt og trøystande.

Så kan du blande i ei teskei honning. Eg ville heller blande i litt kardemomme. Gjer det du føler for.

wpid-20131013_143203.jpgwpid-20131013_142920.jpgwpid-20131012_160134.jpgwpid-20131012_160203.jpgI helga gjekk eg og gjekk eg og gjekk eg mange tusen skritt fram og tilbake i det vakre haustlyset med handa mi i ei anna hand. wpid-20131013_134000.jpgwpid-20131013_134857.jpgGjekk på visning på visning og den siste leilegheita ville eg berre flytte inn i med ein gong og fordi eg ikkje kunne det grein eg ein liten skvett. Så laga vi middag, te såg tv-serie på dvd og så våkna vi neste dag med måndagen midt i andeletet.

frukost

2 ss chiafrø

2 dl havremjølk

Litt sukker, honning, stevia eller det du måtte ønskje

Rør saman om kvelden og sett i kjøleskåpet over natta. Når du våknar grytidleg og det berre er mørkt, har du heldigvis frukosten klar. Topp med det du vil av frukt eller nøtter.

Fordi chiafrø er ein kjempegod kilde til jern, plar eg droppe te til (fordi det hemmar jernopptaket). Då ventar eg heller ein time eller to.

wpid-20131009_113702.jpgwpid-20131009_113820.jpgwpid-20131009_113935.jpgwpid-20131009_114229.jpgwpid-20131009_114037.jpgNår eg har god tid, lagar eg til teen inspirert av kinesisk tradisjon, med ein tesermoni. Det er ein heilt eigen, liten vitskap som gjer at du får mykje ut av eksklusive, dyre tear. Å lage teen slik er nesten som meditasjon, kroppen roar seg ned og det er enklare å nyte teen fullt ut. Perfekt på ein søndag.

Skal skrive meir om dette ein gong, men i mellomtida kan de jo hente inspirasjon på youtube (mange fine filmar med cheesy, asiatisk bakgrunnsmusikk).

Teen eg drikk i dag er ein gamal oolong bao zhong frå 1999 (!) som er middels-kraftig oksidert, klår farge i koppen og ein intens smak. Fantastisk.