Skjønnheitstips

wpid-20131017_164704.jpgwpid-20131017_164618.jpgwpid-20131020_113815.jpgwpid-20131020_114553.jpgEg trur det var Agnes Ravatn som ein gong svarte på spørsmålet om ho kunne dele sitt beste skjønnheitstips, at det var å høyre på ei forelesning på podcast medan ho sminka seg.

Inspirert av dette svaret,  vil eg gjerne dele mitt beste skjønnheitstips; å lese eit essay medan eg drikk ein kopp te (og masse vatn). Godt for hovudet, godt for kroppen.  Les for eksempel Karin Moe. Eller Dag Solstad. Eller Arne Garborg. Eller Jon Fosse. Det er eit hav å ta av. Det får tankane til å krølle seg litt, før dei breiar seg ut. Og alle som ser deg gå nedover gata ser på deg at du ber på meir enn eit vakkert sminka andlet. Vakkert.

(Ps. Teen eg drikk i dag er ein grøn te med roser og mandel frå Le Palais des Thés)

Advertisements
5 comments
  1. Anne said:

    Beste tipset eg har fått på lenge! 🙂

  2. dette var himla, himla fint. eg elskar (!) når du har skrive noko nytt på bloggen din, skriv om ein ny te, tankar osv. eg trur dette har vorte den nye favorittbloggen min.

  3. t said:

    Dette må være det beste skjønnhetstipset i verden, minst.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: