Arkiv

Monthly Archives: november 2013

DSC_0004Førre helg var eg i London, og kom over ein skikkeleg bra butikk med stort utval av kinesisk kvalitetste. Eg har lenge vore på leit etter autentisk Pu Erh, og fann ei skikkeleg bra kake her. London var forresten fantastisk, fint å ha så fine vener som lar meg få tak over hovudet og shopping-selskap. (Les om søndagen min her, på Mariell sin blogg).

DSC_0005Pu Erh (Yunnan Chi Tse Beeng Cha) er Pu Erh, samanpressa i ei kake og lagra i alle fall i ein ti års tid for å få fram den verkeleg gode smaken. Ekte Pu Erh kjem frå Yunnan i Kina. Du kan få kjøpt teen med lause blad, unge tear som er «rå», men eg kjøpte altså ei kake med fermentert te, som altså er gjæra.

DSC_0007Stikk ein skarp kniv inn i kanten på kaka som om du skulle dele den i to, og vri litt på kniven. Forsiktig! Så tar du eit fast grep om kanten på kaka og lirkar av små bitar, men prøv å ikkje knekke blada, men riv den frå kvarandre der den naturleg deler seg. Fast, men mildt. (Som de ser har eg allereie rukke å drikke nokre koppar av kaka allereie).

DSC_0008Ha litt te i kanna (eg bryggjer på Gong Fu Cha-vis, du kan bruke ein gaiwan (liten kopp) viss du heller vil det) og hell på kokande (ja, faktisk) vatn og skyll av teen i løpet av nokre sekund. Dette skal ein eigentleg gjere med alle slags tear i følgje den kinesiske tetradisjonen, men eg plar ikkje gjere det med veldig gode tear fordi eg tykkjer det tek litt av smaken (og eg vil liksom ikkje kaste det bort). Men når det gjeld så gamle tear, tykkjer eg det er greit med ein liten «vask».

DSC_0010Så er det berre å heller på varmt vatn (om lag hundre grader, litt under), vente, og helle av. For kvart trekk, kan du vente litt lenger. Det er berre å prøve seg fram. For sterk Pu Erh smakar veldig, eh, sterkt. Det er ikkje alle som likar denne smaken, men om du gjer det riktig kan det vere ei heilt fantastisk smaksoppleving. Eg kjenner fleire som før har vore hekta på god kaffi som blir hekta på god Pu Erh. Viss eg skal prøve å skildre, må det vere at den smakar mørk, våt og søt jord.

wpid-20131102_142822.jpgwpid-20131102_144824.jpgwpid-20131102_145528.jpgPerfekt måte å starte dagen på.

Dette er ein av teane eg kjøpte førre helg, og har verkeleg gleda meg til å prøve den. Kinesisk grøn, Huang Shan Mao Feng, med enorme blad, og ei sterk lukt av friskt gras. Eg vart overraska over den lyse fargen i koppen, men smaken var likevel ganske kraftig, og med ein god, rund ettersmak. Tilrår! Eg trakk han på litt over 70 grader i tre-fire minutt.

 

wpid-20131102_143120.jpgwpid-20131102_143755.jpgwpid-20131102_144033.jpgFor dei heilt fine, delikate japanske grøne teane, trengs ei kyusu-kanne. Ho har eit innebygd filter som klarer små blad. Dette er ein Ryokucha Midori (samurai-te), feldig fersk smak som får meg til å sakne sommaren så veldig.

Japanske grøne tear er mildare enn dei kinesiske. Når eg brukar denne kanna, plar eg gjere det på gong fu cha-vis, med mykje te og korte trekkeperiodar. Om lag tre trekk er bra, men det varierer eigentleg mykje på kva type te du har. Det beste er å prøve seg fram. NB! I motsetnad til kinesisk ooolong og grøne tear, trekk desse kortare i andre og tredje trekk enn første.

Tid for å prøve ut ein av dei nye, grøne teane mine, Long Jing Impérial.

wpid-20131102_141456.jpgLong Jing er steikt i panne rett etter haustinga for å stoppe oksiderinsprosessen, og skal vere sunn og bra for alt mogleg. Veldig fine, store og flate blad, lys og delikat farge, nesten lysande grøn. Vakkert! Litt søt, rund smak, med akkurat passe motstand i smaken, den ligg liksom litt att i munnen og framme på tunga. Viss eg skulle skildre smaken, ville eg sagt at han var mjuk. Du skjønar om du smakar!

wpid-20131102_143316.jpgTeen går og under namnet Dragon Well, som er ei direkte engelsk omsetjing av det kinesiske namnet. Den skal vere kalla opp etter ein grunn brønn, der regnvatnet rann inn og laga fine mønster på overflata av vatnet, og desse rørslene minna om rørslene til den kinesiske draken. Fint.

dragonKinesisk drake, måla av Chen Rong i 1244.

wpid-20131102_142701.jpg

Det er søndag og det er regn på ruta i Oslo.

wpid-20131103_103603.jpgDå er det berre ein ting å gjere! Få på ei kanne med Lapsang Souchong (eg drikk den som heiter Grand Lapsang Souchong frå Palais des Thés). Det er ein svart kinesisk te som er røykt. Det smakar bål – og det er deilig.

wpid-20131103_104852.jpgwpid-20131103_104750.jpgLyden av regnet utanfor, lukta av lavendel og røyk som blandar seg i rommet. Ei magisk lita stund før dagens gjeremål kallar. God søndag!

 

 

wpid-20131102_141125.jpgI dag var eg innom Palais des Thés sin butikk i Hegdehaugsveien, og wow, det er verkeleg den beste plassen for bra te i Oslo. Dei som arbeider der er skikkeleg flinke, og eg fekk lov til å vere med å smake ein ny Long Jing som var veldig god (så eg tok med meg litt heim). Sjekk dei heilt nye, enkle merkelappane (t.v.).

I tillegg fekk eg med meg ein annan kinesisk grøn ein, Huang Shan Mao Feng, som lukta så ferskt og himmelsk. Skal smake litt i løpet av helga og prøve å skrive litt om dei. Og så måtte eg fylle opp granateple-lageret mitt litt. Granateple, altså – ei fantastisk frukt.

wpid-20131102_141050.jpg