Arkiv

Monthly Archives: januar 2014

peis1peis2peis3Eg drøymde aldri om peis på soverommet. Men no har vi ein gamal peis, den er fin, og innsida er dekorert med motiv frå eventyret om bukkane bruse. Vi sovnar til mjuk knitring om kvelden, og legg oss til i senga på slitsame ettermiddagar med ein kopp te og ei bok, opnar alle dører og lar varmen spreie seg frå rom til rom. Med varmen frå tekoppen i handa.

Advertisements

Snøen fell tett, men det spirar og gror! I alle fall i vindaugskarmen på kjøkenet mitt. Etter nokre mislukka urte-forsøk er det i alle fall eitt frø som alltid blir grønt og fint, og det berre på eit par dagar. Karse! Plant det i gamle koppar, glas eller utbrende duflys (eg får meg aldri til å kaste fine glaskrukker, og endeleg fekk eg bruk for dei). Karse er jo kjempegodt på skiva med kvitost eller i salaten òg.

vår2Så er det berre å brygge ein kopp me den ultimate vår-teen, og det sikraste teiknet på vår her i huset: dei første knoppane av teplantane i Darjeeling! Denne er frå i fjor. Gler meg som ein liten unge til tebutikkane får inn årets innhausting.

vår1

rotEg har hyller og skuffer fulle av god te, og det er på tide å innføre ein liten shoppestopp fram til sommaren. Kanskje med unntak av ein god Darjeeling 1st flush, men utanom det er det førebels stopp. Te har ikkje allverdas haldbarheit, så det er lurt å drikke seg ut av hyllene av og til, før den dyre, gode teen blir dårleg. Prosjektet mitt starta eigentleg 1. januar, og så langt har det gått bra!

Hugs at te held seg lenger om det står i ein lufttett boks. Burde halde seg i om lag to år, så lenge den ikkje står for varmt.

 

sofakrokenhylleEtter ein lang flytteprosess har roa endeleg senka seg litt. Eg har funne den perfekte plassen i stova for å nyte god te. Ikkje så originalt, men sofakroken vår er perfekt for slikt. Naturleg leselys frå vindauget, ein haug med mjuke puter og romsleg vindaugskarm til å kvile koppen i.

God helg! Drikk mykje te og les mange gode og smarte bøker!

darjeelingkanne

darjeelingkoppSkal du berre ha ei tekanne, burde det vere ei tekanne i støypejern. Ekstremt slitesterk (kan sikkert arvast i generasjonar), stor varmekapasitet som held teen varm lenge, tek ikkje opp i seg smak av teen, så det går fint an å trekke alle typar tear i den utan å vere redd for det. Og så er dei så fine. Eg kjøpte mi for fem-seks år sidan, og er like glad i ho.

I dag har eg ein fin darjeeling 2nd flush i koppen. Sånn medan eg ventar på årets første 1st flush. Ah. Vår.

 

Det er viktig å drikke mykje vatn, men av og til vanskeleg å få det til. Særleg om ein er litt småsjuk og hostar og nys. Om eg ikkje er tørst er det ikkje så innbydande å presse i seg liter etter liter, så eg drikk som oftast te.

Men så passar eg på å alltid ha eit lite lager av sitroner på kjøkkenbenken. Det eldste trikset i boka, men vatnet blir så mykje betre! Og nokre frosne bær som isbitar. Eller litt urter (basilikum er overraskande godt), agurk, appelsin, eigentleg all frukt. Dessutan er jo frukt i seg sjølv ganske rikt på vatn.

vatnOm du vil ha ein te som slukkar tørsten er det oolong som funkar best for meg, varm eller kald. (Har skrive om å trekke kald oolong her). I dag har eg funne tilbake til ein gamal favoritt, Dong Ding. Ein basic oolong som alle teelskarar burde ha i skåpet. Trekk på 80 grader i tre-fire minutt, alt etter doseringa, men la den gjerne kjøle seg meir ned før du drikk. Eg likar ofte teen ganske lunken, då kjem smaken betre fram. Om trekkinga har gått bra, då.

Så er det berre å helle nedpå!

oolongkannehydrate

wpid-20140119_092859.jpgwpid-20140119_093143.jpgDet er snø og kaldt ute (endeleg!), men så vaknar ein plutseleg med vond hals og dunkande hovud. Kva gjer ein då?

Eg finn fram det eg har i skåp og skuffer og lagar meg eit varmt halsbrygg. I dag: Sitrus, kanel, honning og ingefær. Og så er det berre å fylle opp glaset igjen og igjen heilt til det nesten ikkje smakar noko, kjenne at det blir litt lettare å svelge og snakke.

Reknar med det blir nokre kanner med te i løpet av dagen. Host.