2014

wpid-20140117_223441.jpgNytt år! Sidan førre innlegg har eg:

  • Flytta. For eit slit! Men det var verdt det.
  • Laga palak paneer frå botnen av.
  • Vore sjuk heile jula, men det var fint å kunne ligge rett ut utan å tenke på at nokon forventa noko av meg.
  • Kjøpt nye joggesko.
  • Feira nyttår med fine vener i hovudstaden.
  • Jobba, jobba og jobba (jobbar i forlag, det er fint då).
  • Kjøpt så dyrt og fint sengetøy at eg gler meg til å legge meg kvar kveld.
  • Vore åleine ei heil veke, fordi kjærasten min var på partikkelfysikk-konferanse.
  • Venta på skiføre.
  • Sett ein fransk film som varte i over to og ein halv time.
  • Hatt mi første master-innlevering.
  • Blitt hekta på granateple + gresk yoghurt.
  • Gjort mykje yoga.

I kveld ladar eg opp til ei helg fullstappa med møte, konferanse og konsert. Med ein kopp te sjølvsagt! Kvit te (silver needle) i stort filter i opera-kopp.

Forsett for det nye året: Prøve å oppdatere denne bloggen med jamne mellomrom.

wpid-20140117_223938.jpg

Advertisements
1 comment
  1. silver needle er så fint i kveldinga. eg elskar mummibrettet! og dyrt og fint og nytt sengetøy er noko av det beste.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: