Roleg helg

sofakrokenhylleEtter ein lang flytteprosess har roa endeleg senka seg litt. Eg har funne den perfekte plassen i stova for å nyte god te. Ikkje så originalt, men sofakroken vår er perfekt for slikt. Naturleg leselys frå vindauget, ein haug med mjuke puter og romsleg vindaugskarm til å kvile koppen i.

God helg! Drikk mykje te og les mange gode og smarte bøker!

Advertisements
2 comments
  1. Hei! Bloggen din er ein liten skatt på verdsveven!

    Eit lite spørsmål: Eg er ein nybyrjar i teverda (dreven på ordentleg kaffi), og har nttopp kjøpt ein dyr, god oolong, blue note. Den er ganske kremete og litt mineralsk i smaken. På tebutikken sa dei eg skulle skylle den, trekke den eitt minutt fyrste gong, so to minuttt, tre minutt osb., men eg tykkjer berre fyrste trekking blir noko særleg, og føler eigentleg ikkje at eg får ut potensialet dens heilt då heller…har du noko tips?

    • Hei! Tusen takk for veldig hyggeleg kommentar!

      Trekketida kjem veldig an på sjølve teen, ikkje berre kva type te det er. Om du vil trekke blada fleire gonger, kan du prøve å ikkje skylje teen først, men gå rett på første trekking. La gjerne første trekking vare i 3 minutt, så kan heller andre trekking vare i 1-2 min, og tredje trekking kan godt stå ganske lenge, kanskje 5 min. Når teen er blitt «tam» er den utbrukt, ofte tåler ikkje tear fleire enn tre trekkingar. Men obs! Når du trekker på denne måten, så må du bruke meir te enn når du trekker på «vanleg måte».

      Eg ville òg prøvd å trekke teen berre ein gong, la den stå i 6-7 minutt. Oolong tåler litt lengre trekketid enn andre tear. Bruk mellom 70 og 85 grader på vatnet, om du ikkje kan måle temperaturen, så bruk for all del ikkje kokande vatn, men la vatnet kjøle seg ned litt, evt. bland i litt kaldt vatn.

      Siste tipset er å bruke ei god kanne eller stort filter. For all del ikkje ei teklype av metall! God te har store blad, og dei må få plass til å falde seg ut slik at all smaken blir frigjort.

      Det viktigaste er eigentleg å prøve seg fram. Til lysare teen er, til lågare temperatur på vatnet og kortare trekketid.

      Håpar det hjalp litt. Lukke til!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: