Arkiv

Monthly Archives: februar 2014

matchaMorgon. Prøve å få så mykje lys som mogleg frå vindauget ut mot den alt for trafikkerte og innebygde gata. Studere dei nyaste planteprosjekta. Basilikumen spirar! Og så ta ein matcha-shot for å kickstarte dagen.

 

 

Advertisements

blomarblomar2Ah! Endeleg kom sola! Eg tok med meg plantane som har venta på lys heile vinteren inn på kontoret for litt lysbading. Med ein god kopp Long Jing Impérial, ein grøn te som smakar heilt fantiastisk. Berre pass godt på trekketida, eg trakk min eit minutt for mykje, og då smakte den ikkje så innmari godt … Måtte fylle på litt ekstra vatn, og då vart den betre. Eit triks om du har vore litt uheldig.

heimekontor2heimekontorFredag betyr heimekontor, radio, te og masterjobbing. Sjølv om eg strengt tatt har eit eige kontor i den nye leilegheita, blir det liksom stove-kontor når eg er åleine. Dagen starta med at eg fekk plukke meg ut blomar på den lokale blomsterbutikken før opningstid (takk til den beste valentin!) og eg ville sjølvsagt ha tulipanar. I kjøleskåpet sto ei stor skål med granateplekjernar eg hadde laga klar i går. Av og til er eg så lur.

Sidan det er valentisdag (sjølv om eg ikkje er SÅ begeistra), laga eg eit stort glas med grøn te med blomar og mandel (Thé des Vahinés frå Palais des Thés) som smakar skikkeleg romantisk. Hehe.

ferskenblomstOg så kan eg gløtte bort på ferskenblomstgreinene mine, som har fått fine, grøne skot. Og glede meg til konsert i kveld. Håpar alle har fine og produktive dagar!

 

 

temperaturtemperatur2Det er viktig å ikkje drukne teen i fosskokande vatn. Det er stor forskjell på kor høg temperatur dei forskjellige tetypane kan klare utan å smake vondt. Sidan det ikkje er spesielt praktisk å stå med eit termometer nede i vatnet og vente på at temperaturen dalar, brukar eg ein heilt genial vasskokar med temperaturinnstilling. Eg berre klikkar inn at den skal stoppe på til dømes 70 grader, og så kokar han vatnet opp til det punktet. Og ikkje lenger. Heilt fantastisk.

Men med litt øving med eit termometer, lærer ein seg fort forskjellen mellom 100 og 80 grader, så det er sjølvsagt ikkje naudsynt med dyrt utstyr for å lage ein god kopp med te. Men det er gøy.

 

 

grein

På ein liten studenthybel på det ville, varkre (og solvarme!) vestlandet for å ta eit skippertak på masteroppgåva. I morgon tek eg eit lite widerøe-fly over til kalde Oslo att, og gler meg til å sjekke om ferskenblomstgreinene mine som eg sat i vatn før eg reiste har fått fleire blomar! Lengtar etter å trekke ei fin lita kanne med mild og lys grøn te og førestille meg at eg sit i ein japansk zen-hage under blomstrande kirsebærtre, etter nokre dagar med dårleg teplanlegging (= te i pose).

 

Te i kvardagen, te på fest. I går var det fest i heimen, og eg lagde nokre skikkeleg gode drinkar basert på kaldbrygga te. Å, eg elskar te.

drink4Eg brukte ei teblanding frå Palais des Thés som heiter Vive le thé, den luktar heilt fantastisk av appelsin og litt ingefær, passar perfekt til kaldbrygging. Bruk kaldt vatn i staden for varmt, og sett i kjøleskåpet i nokre timar.

drink2Is i glaset! Så blanda eg eit par klunkar med italiensk sitronlikør (å, det er det beste) med safta frå ei halv blodappelsin. Det kan sikkert funke med ein annan likør, eller annan fruktjus òg.

drink3Så er det berre å blande det ut med den kaldbrygga teen, pynte og servere! Om det ikkje blir søtt nok, går det sikkert an å blande inn litt sukkerlake, men eg likar det litt – eh – bittert.

drinkVoilà!

Eg fann aldri ut av kva eg skulle kalle den nye komposisjonen min. Kanskje de har framlegg?