Lengt

grein

På ein liten studenthybel på det ville, varkre (og solvarme!) vestlandet for å ta eit skippertak på masteroppgåva. I morgon tek eg eit lite widerøe-fly over til kalde Oslo att, og gler meg til å sjekke om ferskenblomstgreinene mine som eg sat i vatn før eg reiste har fått fleire blomar! Lengtar etter å trekke ei fin lita kanne med mild og lys grøn te og førestille meg at eg sit i ein japansk zen-hage under blomstrande kirsebærtre, etter nokre dagar med dårleg teplanlegging (= te i pose).

 

Advertisements
3 comments
  1. ferskenblomst! wow! eg er avhengig av grøn te i alle formar, og lurer på om du har nokon tips når det gjeld chaplon-teane ein kan få på helsekosten? eg elskar alt av grøn og kvit te, men har enda ikkje klart å setje like stor pris på ein tangaktig sencha.

  2. Eg har ikkje prøvd så mange chaplon-tear, men har ein i skapet som er ei blanding av kvit kinesisk peon-te, grøn sencha (og litt andre typar) tilsatt kvede-olje og eplebitar. Den er ganske intens! Så viss ein er ute etter noko som er litt kraftig på smak, kan eg tilrå den. Men eg klarer berre ein liten kopp om gongen.

    Elles er jo kvit te med jasmin ganske godt, trur chaplon har sine variantar av det. Kvit te som blir oppbevart med ferske jasminblomster etter at den har blitt plukka, og så rulla saman til små kuler. Då treng ein ikkje bruke filter når ein skal trekke, berre ploppe dei rett i koppen (og så legg dei seg i botnen av glaset).

    Folk har jo forskjellig smak, og fordi dei tangaktige japanske grøne teane smakar ganske spesielt, er det ikkje så rart at ikkje alle likar dei. Men det går jo an å prøve å trekke dei litt kortare, på lågare temperatur, bruke mindre te, etc. Og for meg så passar det best å drikke slike tear vår/sommar, det smakar ikkje alltid like godt i vinterhalvåret. Men smaken kan jo endre seg over tid òg:)

    • takk for svar! eg er ikkje altfor glas i for sterke smakar, for eg drikk gjerne kopp på kopp på kopp.. og då går det mest rein grøn te. kvit te med jasmin drakk eg ufatteleg mykje av tidlegare, så eg er på ein liten jasmin-pause. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: