Arkiv

Monthly Archives: mars 2014

kontordrivhusSitte på heimekontoret med utsikt ut i bakgården og til minidrivhuset. Småjobbe litt. Ta mange pauser for å sjå på paprikaen, chilien, sitrontrea.

radioHøyre på rare, tyske podcast på min nye favorittdings: Internettradioen.

nysenchaFinne ein gløymd te i botnen på teskuffa, ein sencha eg fekk av ein ven som var i Japan. Mørkegrøn, nesten blåskimrande. Med ein heilt fantastisk farge på brygget! Veit ikkje noko om teen, anna enn at han etter første trekk er mjølkete, nøttete og veldig mild. Trekketid på eitt og eit halvt minutt var meir enn nok.

senchaFantastisk farge i koppen!

Advertisements

puerhlysEg elskar vakre teblad. Heile, store, sterke blad som brettar seg meir og meir ut for kvart trekk. Og så blir eg veldig fascinert av tear der nesten heile planten er brukt: toppskota, store blad, stilken. Ah. Akkurat slik er den nye teen eg kjøpte med meg frå Palais des Thés på måndag.

puerhbladBlada tørka, og etter fjerde trekking.

puerhkoppDet er ein pu er, men ikkje som pu er-ar eg har smakt før. Sjølv om denne òg har ein ganske spesiell smak. Eg elskar den, men innser at dei fleste må lære seg å like den. Som kaffi og øl. Pu er eg har smakt før er ein «kokt» type, men denne er rå, eller meir grøn. Det gjer at fargen og smaken blir meir lik oolong eller grøn te, og eg likar det. Desse teane kan bli veldig gamle, og kan godt lagrast i 20-30 år og berre bli betre og søtare med åra. Då blir dei ofte lagra samanpressa i kaker, men min er i lausvekt. Denne eg har kjøpt er nok ikkje så gamal, men smakar likevel kjempegodt!

puerhoverEg hadde med meg teen på jobb i ein praktisk og fin boks, og trakk den fire gongar (og då orka eg ikkje meir). Fargen var veldig klår og lysande gullaktig. Smaken var utan tvil litt pu er-sk, det vil seie at den smakte litt jord (eller underskog, som vi lærte på te-kurset). Med eit hint av fjøs. Men desse smakane er ikkje så framtredande her. Den er heller veldig vegetal, litt fruktig. Den var litt meir bitter enn søt, det kjem kanskje av at han ikkje er lagra så lenge. Den er ikkje så veldig sterk på smak om du ikkje trekk den så lenge. Eg trakk min på rundt 80 grader, med fleire trekk på alt frå 30 sekund og opp til eitt-to minutt kvar gong. Eg synes smaken er veldig spennande, er liksom ingen andre smakar som kan samanliknast med den.

puerhposeDa ye er namnet på planten teen kjem frå, ein teplante med store blad som blir brukt til pu er. Sauvage betyr vel «vill», så kanskje den er laga på ville teplantar? Prøv!

tekursI går var eg på tekurs! Palais des Thés i Oslo har tekurs kvar måndag klokka 18, der kursdeltakarane blir guida gjennom forskjellige typar te og lærer litt om smak, produksjonsmetodar, bryggeteknikkar og tehistorie. Det passar veldig godt for folk som ikkje kan særleg mykje frå før. Men sjølv om eg hadde smakt alle teane vi fekk servert, lærte eg ein del nytt likevel. I tillegg fekk vi ein demonstrasjon av både den kinesiske og den japanske tesermonien. Og så fekk vi smake matcha (grøn, pulveristert japansk te) med kvit sjokolade. Killer-kombinasjon, altså.

Sjølve kurset fekk eg gratis, men eg hadde tenkt lenge at eg burde teste det ut. Alle som er med på kurs får litt rabatt på te etter kursslutt, så sjølv om eg hadde lova meg sjølv å ta ei lita pause i teshoppinga, kjøpte eg med meg ein spennande, rå pu erh som eg testar ut i dag. Skal skrive meir om den seinare! Den virkar veldig lovande.

 

assamassam2Assam Maijian, ein svart te med mykje smak (som likevel er ganske mild og smakar litt blome), servert på litt utradisjonelt vis ein søndags ettermiddag. Eit par fine glas og eit pent serveringsbrett er alt som skal til for å få ei kjensle av helg og bittelitt luksus. Eg trakk teen på rundt 80 grader, for eg var litt redd for at den skulle bli bitter.

Og så dagdrømte eg om å bu i Eidsvollsbygningen som eg besøkte i helga. Rom på rom med fantastiske møblar, tapet og gardiner i sterke fargar og fine mønster og flotte, målte golv som dette:

eidsvollHåpar de har hatt ei fin helg!

frukostDet skjer ikkje kvar dag, men eg elskar dei morgonane der eg har ein ekstra halvtime til skikkeleg frukost, god te og fersk avis. Fjorårets darjeeling first flush i koppen i dag. Vår!

mintmint2Den butikkjøpte mynten min hadde byrja å seriøst henge med hovudet, så eg snauklipte den og slengte den i tekanna. Perfekt, mild varm drikk. Så sippa eg til den medan eg planta om dei små spirene mine i litt større potter. Chili, paprika og basilikum som endeleg får litt sol i vindaugskarmen på kjøkenet.

spirer

tigerteI dag fann eg fram den smartaste koppen eg har og fylte den med beksvart, røykt Thé Du Tigre frå Palais Des Thés. Så fann eg fram min indre tiger og rusla ned på Youngstorget for å gå i det viktigaste 8.-marstoget på mange år – kanskje det viktigaste i heile mitt 24-årige liv.