Arkiv

Monthly Archives: april 2014

Bakgården som kontor. Frisk luft, blomstrande tre, men veldig enkelt å hente endå ein kopp med rykande varm te. I dag drikk eg ein mørk yunnan, hausta inn i vår. Heilt fersk. Toppskot og mykje koffein. Berre dagar att til to eksamensinnleveringar, heldigvis er den eine eksamenen om ei av dei vakraste diktsamlingane eg veit om, frå ein av mine favorittforfattarar. Litteraturteorien kjennest litt mindre uoverkommeleg i sola.

bakgårdbladverkyunnan2014urdsolPS. Og medan vi sit her i Noreg og nyt sola og tek utdanning og les til eksamen, er det 234 jenter som er sakna i Nigeria. Dei vart kidnappa frå klasseromma sine fordi dei ville ta utdanning, midt under ei fysikkprøve. Etter to veker er det ingen som veit kvar dei er, og ingen leitar etter dei. Det er så hjarteskjærande at eg ikkje klarer å finne ord. Les dette blogginlegget og signer dette oppropet.

Advertisements

Etter ei heilt fantastisk påske i varme Italia, kom eg heim til like fint vårvêr i Oslo. Eg kjenner eg meg veldig heldig. Teshopping i Roma vart ofra for blant anna sykkelturar og piknik. Skikkeleg ferie.

isteDen einaste teen eg orkar i dag er grønn iste med sitron i. Ein heilt ok sencha med sitronskive frå ei sitron som vart med i kofferten frå Roma.

Her er eit bilete frå heimekontoret, paprikaplantane mine har strekt seg sikkeleg masse, treet i bakgården blomstrar og brevpapiret ligg klart om eg må ha ei pause frå oppgåveskrivinga. Med to eksamenar pluss masteroppgåve pluss masse jobb på skuldrane er det fint å ha litt utsikt.

kontorHej då!

yixing-kanneI dag reiser eg til Roma! Om de har Roma-tips (te-tips eller andre tips), tek eg gjerne i mot. Her er i alle fall eit tips frå meg: Prøv å lag te i ei yixing-kanne! Det er ei kinesisk tekanne laga av yixing-leire. Det fine (men av og til upraktiske) med slike kanner er at leira trekk til seg litt av tesmaken. Det er vanleg å ha ei kanne til ein type te, i denne kanne trekk eg berre svart kinesisk te. Det vert sagt at ein nesten ikkje treng å bruke teblad etter fleire år med bruk, sidan smaken heng att i tekanna. Men det veit eg ikkje heilt om eg trur på. Men det er viktig å aldri vaske dei med såpe, eller la teblada ligge så lenge at dei mugnar, slik at dei smakane sett seg fast i kanna.

God påske!

goldentipsNår eg våkna med sol i andletet og påskeferiekjensle i dag tidleg, visste eg med ein gong kva te eg hadde lyst på. Dette er ein svart te frå Yunnan, Feng Qing. Når ein ser på dei varkre toppskota, skjønar ein korleis teen fekk namnet Gold Tips.

yunnan1 yunnan3Det blir ein del søl når eg lagar te, så eg har alltid ein superabsorberande klut i nærleiken. Så går det superraskt når eg skal tørke av undersida av kanne og kopp for å unngå søl på bordet.

yunnan4Teen frå Yunnan, og særleg te med mange toppskot (toppen av teplanten) er veldig søt, med honningaktig smak. Nam!

gaiwan1Ein gaiwan er ein liten kopp med lok. Perfekt til å trekke te i. Helst kinesisk te med store teblad.

gaiwan2Først, hell litt varmt vatn i koppen for å varme den opp. Då held vatnet lettare på den temperaturen du vil at vatnet skal vere. Hell teen du skal drikke i gaiwanen.

gaiwan4Så er det berre å trekke. Nokre likar å skylje blada lett, eller berre helle nokre dropar varmt vatn over for å få aromen til å utvikle seg litt før trekkinga. Prøv deg fram. Den grøne teen trekk eg ca eitt minutt på 70-80 grader. Då held blada til fleire trekk.

gaiwan5Så legg du loket litt på skrå og heller teen over i ein kopp eller ei lita skål (få med alt vatnet).

gaiwan3Så enkelt er det. Bruk helst ein gaiwan som er litt liten, det er betre å trekke fleire gonger enn å lage ein stor kopp. Ein typisk kinesisk, grøn te trekk eg 3-4 gongar. Legg til litt trekketid per trekk.

Tips! Eg kjøpte denne gaiwanen på ebay, der får ein kjøpt mykje billig teutstyr frå Kina.