Arkiv

Monthly Archives: mai 2014

mynteikassaOm du har lyst på ein boost  av god sjølvkjensle og meistring, kan du prøve å dyrke mynte. Den trivast kjempegodt og tek nesten over heile blomekassa, pressar seg på den andre plantane. Om ein knip av toppane, lagar planten fleire nye toppar, og veks meir utover i staden for berre rett opp.

myntevatnPerfekt i kaldt (eller varmt) vatn når det er varmt ute. Eller som pynt på ei kake, i salaten eller på frukt. Min favoritt for tida er lys melon + mynte + ei klype kanel.

etikettDette er altså teen eg har drukke på dei siste dagane. Ein first flush frå Darjeeling som ikkje smakar som noko first flush eg har drukke tidlegare år. Smaken er meir kompleks og «mørkare» enn fleire av dei andre på marknaden. Tyngre smaksnotar som frukt, mandel og honning – og litt bitter mot slutten. Men lett til å vere ein svart te. Fargen er ein heilt fantastisk gull-aktig oransje, som er uendeleg vakker gjennom den skarpe vårsola som vi har i Oslo for tida. Eg smakte på denne før eg kjøpte den, så eg visste at den var god. Og fordi smaken er så samansett har eg ikkje gått lei – berre meir begeistra for kvar gong eg drikk han.

darjeelingmissionhillBlada er rulla saman og er for det meste mørkegrøne. Og så luktar dei kjempegodt og nesten litt krydra.

darjeelingisolOm du berre skal ha ein first flush i år, kan eg verkeleg tilrå denne. Av dei andre eg smakte på Le Palais des Thés, var òg ein frå Teesta Valley veldig, veldig god, og ein eg vurderer å kjøpe. Om du ikkje har smakt så mykje first flush frå Darjeeling før, kan eg òg tilrå den frå Longview. Den er veldig lett og lys. For meg er dette vårkjensle i ein kopp! Det er ein grunn til at desse teeane er kjende som teens Champagne.

dagogtidSidan sist har eg skrive om te-reiskapar på i vekeavisa Dag og Tid og sikra meg ein heilt ny og fersk darjeeling av first flush-innhaustinga. Le Palais Des Thés i Oslo hadde prøvesmaking i førre veke, og eg plukka med meg den eg likte best. Smaken av vår.

1. At det regnar og at eg kan vere inne med ein kopp fantastisk te frå Yunnan. Frå ei lilla tebusk, meir om dette seinare!

lillayunnan2. Å kunne sjå ut på ei blomekasse med urter og blomar og glede seg til dei veks til.

kasse2 3. Å  ha fått tid til å potte om dei sårt trengande paprika- og chiliplantane som endeleg har fått meir plass.

ompotting 4. Sette plantane i glaset på heimekontoret og ha endå fleire plantar utanfor i blomekassa. Kjenne lukta av den marokkanske mynten kvar gong eg opnar glaset.

kasse1 5. Chia-pudding til lunsj med heimelaga (!) mandelmjølk.

chiamandel 6. Å kunne sykle overalt med denne flotte 64-åringen (og hjelm, sjølvsagt).

sykkel 7. Ha ein vindaugskarm som er full av spirande greier. Vår!

kvitlaukingefær 8. Ny såpe som er handlaga og luktar mint. Og søt såpekopp.

mintsåpe 9. Sykle oppover Grünerløkka og oppdage at to kule kvinner har fått ein eigen benk.

benk 10 . Ha ein kjærast med hytte ved vatnet utanfor Oslo, og som er flink til å køyre bil og ro, slik at vi kjem oss trygt fram (og tilbake). Helgeturar. Null dekning.

hytta 11. (Bonus!) Få vener på middagsbesøk som tek med kvite peonar.

kvitpeon

kvitlaukSidan sist har eg planta eit kvitlauksfedd (som internett seier kjem til å bli ein heilt ny og fin kvitlauk), drukke kvit te, reist til vestlandet og tilbake og levert frå meg to eksamenar. Klar til å møte sommaren med kvite, blanke ark!

silverneedle