10 ting å vere glad for på ein måndag

1. At det regnar og at eg kan vere inne med ein kopp fantastisk te frå Yunnan. Frå ei lilla tebusk, meir om dette seinare!

lillayunnan2. Å kunne sjå ut på ei blomekasse med urter og blomar og glede seg til dei veks til.

kasse2 3. Å  ha fått tid til å potte om dei sårt trengande paprika- og chiliplantane som endeleg har fått meir plass.

ompotting 4. Sette plantane i glaset på heimekontoret og ha endå fleire plantar utanfor i blomekassa. Kjenne lukta av den marokkanske mynten kvar gong eg opnar glaset.

kasse1 5. Chia-pudding til lunsj med heimelaga (!) mandelmjølk.

chiamandel 6. Å kunne sykle overalt med denne flotte 64-åringen (og hjelm, sjølvsagt).

sykkel 7. Ha ein vindaugskarm som er full av spirande greier. Vår!

kvitlaukingefær 8. Ny såpe som er handlaga og luktar mint. Og søt såpekopp.

mintsåpe 9. Sykle oppover Grünerløkka og oppdage at to kule kvinner har fått ein eigen benk.

benk 10 . Ha ein kjærast med hytte ved vatnet utanfor Oslo, og som er flink til å køyre bil og ro, slik at vi kjem oss trygt fram (og tilbake). Helgeturar. Null dekning.

hytta 11. (Bonus!) Få vener på middagsbesøk som tek med kvite peonar.

kvitpeon

Advertisements
3 comments
  1. Josefine said:

    Tusen takk for denne listen! Trenger du ikke å plante hvitløken i jorda?

    • Hei! Jo, men å legge den litt i vatn først gjer at røtene får vekse seg litt sterkare før eg plantar den ut. Då går det litt raskare! Det går an å berre la den ligge i vindaugskarmen i sol i nokre dagar òg. Eller berre plante den rett i jorda. No ligg dei i blomekassene mine. Kanskje det blir heimedyrka kvitlauk til hausten? 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: