Arkiv

Monthly Archives: januar 2015

lesedagboklesedagbok2Inspirert av Mariell, har eg sett opp ei liste over bøker eg skal lese i 2015. Så spennande! Dei siste åra har eg ført lister over bøker eg har lese, noko som er veldig fint å kunne sjå attende på i ettertid. Så det er eit lite tips frå meg til dykk (og eg tykkjer det er ekstra fint å ha det handskrive i ei lita bok). Men til lista:

The Goldfinch av Donna Tartt

Adam av Ariel Schrag

Rosens navn av Umberto Eco

Beckomberga av Sara Stridsberg

A Tale of Two Cities av Charles Dickens

Mi briljante venninne av Elena Ferrante

Monstermenneske av Kjersti Annesdatter Skomsvold

Forbrytelse og straff av Fjodor Dostojevskij

Soga om vêret av Bergsveinn Birgisson

I ringane av Kristina Leganger Iversen

Født feminist av Marta Breen

Europeere av Simen Ekern

12 bøker, ein for kvar månad i året. God miks av kvinner, menn, klassisk, kontemporært, tjukke, tynne, og litt sakprosa. Alle burde lese litt meir sakprosa. I tillegg har eg ei liste med kanskje-bøker og sjølvsagt ei lita opning for spennande haustbøker som kjem ut i år. Eg har allereie lese ei i januar, men trur at det kjem til å gå litt sakte fram til sommaren. Men har planar om ein skikkeleg lesehaust!

Dei aller fleste bøkene står uleste i hylla mi, og eg kjenner det litt som Olav H. Hauge då han skreiv i dagboka si 17. november 1955:  Eg likar ikkje kjøpa bøker som eg ikkje les. Bokhylla vert ikkje mi lenger då, framande makter har teke plass der som eg ikkje kjenner. På tide å bli kjent med bøkene mine. Nokon som har lese noko på lista mi?

Andre bøker lest i 2015:

Dommedøgn av Kjersti Wøien Håland

Alle utlendinger har lukka gardiner av Maria Navarro Skaranger

Klokken og sengen av Eline Lund Fjæren

 

Å, det er så mørkt ute! Heldigvis har eg ein te som passar perfekt. Denne fekk eg av eit vennepar som alltid er ute og reiser (hallo i New Zealand eller kvar de er no!). Ein mørk, mørk pu erh, med mykje sødme og jordsmak. Mmm. Kjøpt i Aust-Europa ein stad, med bryggemetode på ein post-it-lapp.

puerTil teen les eg den italienske forfattaren (pseudonym) Elena Ferrante si første bok i ein serie bøker frå Napoli som kjem ut på norsk i slutten av mars. Sidan eg arbeider i forlaget, får eg lese den litt før alle andre. Har eg nemnt at eg er forelska i Italia? I boka får vi eit fantastisk innblikk i korleis det var å vekse opp i Napoli i etterkrigstida. Neste tur til Italia går til Roma i påska. Då eg var der i fjor på den tida, var det vår og eg kunne sykle lettkledd på smale stiar i store parkar. På tide å finpusse italiensken! ferranteBortsett frå å drøyme meg bort til vacanze in cittá calde e fantastici for å jage det siste av mørketida bort, et eg god mat, trenar masse, les, søv, strikkar og held meg unna alkohol. Kjedelig, men frykteleg effektivt.

måndagBack to basics med darjeeling, heimelaga knekkebrød og mos med gulrot og svarte bønner. I år skal eg lese litt fleire bøker, halde fram med å drikke god te, skrive ferdig masteren, ta lappen, kjøpe gifteringar og ein liten hund. Elske og bli elska attende. Gå lange turar med smarte podcast på øyret, invitere fleire til middag og kanskje blogge litt oftare. Kanskje eg burde skrive litt meir om litteratur? 2015, altså.