Heimekontor

heimekontoret heimekontoret2Heimekontor betyr at eg må skjerpe meg sikkeleg for å ikkje gjere alle andre ikkje-jobbrelaterte ting, ikkje tenkje å blomane som må vatnast, klesvasken som må setjast på, oppvasken, etc. Men herlighet så fint det er å berre kunne stå opp, lage ein kopp te og starte jobbinga. Nyte at det er heilt stille rundt meg og at eg får litt tid åleine (det er veldig sjeldan at det skjer når ein bur i ein by). I dag skriv eg på masteren min og eit føredrag eg skal halde i Trondheim i helga (jei!), pluss at eg prøvar å drikke opp vår-teen min frå i fjor. I dag: Grøn kinesisk te. Elskar det. Vår i ein mummikopp!

I dag var litt annleis enn alle andre typiske heimekontordagar: Kjærasten min spanderte impulsfrukost på kafé. Eg og han sat oss i ein lånt bil og køyrde frå Grünerløkka til Pilestredet (Eg veit! Men eg øvar meg til lappen, og då må vi køyre så ofte vi kan) og drakk kaffi og las avis ute. Klokka ti var eg tilbake, med ein fin-merkeleg bukett med blomar i handa (har eg nemnt at kjærasten min er verdas beste?) som luktar heilt fantastisk søtt og skogaktig. Den fekk vere med på skrivebordet som selskap. Sitrontreet som eg planta frå ein stein i fjor, står heilt til venstre. Om seks år kan eg hauste inn ferske sitroner.

Advertisements
5 comments
  1. De dagene jeg bestemte meg for å ha en hjemmedag da jeg skrev master, ble alltid litt mindre produktive enn om jeg hadde vært på lesesalen. Allikevel var de viktige, små pauser fra de høye skuldrene på lesesalen. Dessuten er det viktig å utnytte at man faktisk kan ha en litt annerledes dag, plutselig er man i jobb der man ikke har den muligheten lenger. Så herlig av kjæresten din, det høres veldig koselig ut.

    • Så sant! Nettopp det med å ha litt endring av og til, trur eg er viktig.

  2. ida said:

    Elsker å ha hjemmekontor. Jeg trives så mye bedre da enn på lesesalen og jeg er en av de som får gjort mer hjemme enn på skolen, tror jeg. Oooh, hvor skal du holde foredrag i Trondheim? Og for en koselig ting å gjøre av kjæresten din!

    • Det går litt opp og ned med meg, men dei mest produktive dagane eg har hatt er definitivt heimekontordagar. Skal halde eit foredrag på studentsamlinga til Studentmållaget i Nidaros i helga, med den fengande og fengslande tittelen «Tidsskriftet Syn og Segn før den andre verdskrigen». For dei litt meir spesielt interesserte!

  3. så romlemantisk av kjærasten din! eg må få opp produktiviteten på desse heimejobbedagane, altså. du er flink! mummikopp gjer teen betre, eg lovar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: