Arkiv

Monthly Archives: mai 2015

Det er rart å vere ferdig med studiane og faktisk ha tid til å lese skjønnlitteratur utan å ha dårleg samvit. Eg har byrja krysse litt av (og utvide) på leselista som eg sette opp for 2015. For tida les eg Forbrytelse og straff av Dostojevskij. Eg veit ikkje kva det er, eg trur kanskje det er fordi eg ikkje hadde forventningar, men eg er skikkeleg positivt overraska. Klassikarar er vel som oftast klassikarar av ein grunn.

forbrytelseogstraff

 

Det har vore ei stund sidan sist innlegg, og sidan sist har eg levert masteroppgåva mi! Den første frihelga mi på lang lang tid har eg mellom anna brukt til å lage årets første matcha latte. Det er ein skikkeleg sommardrikk om den lagast kald, men er veeeldig god med varm, steama mjølk òg. matchalatte1  matchalatte2 matchalatte3matchalatte4 matchalatte5Eg kjøpte matchapulveret (som er knuste blad av japansk grøn te) på Black Cat i Oslo. Det kosta 379 kroner, som er ein ganske stiv pris for berre 30 gram. Men akkurat når det gjeld matcha er det viktig å ha skikkeleg god kvalitet på det pulveret ein skal lage te av, spesielt om ein skal drikke det på tradisjonelt vis. Det skal vere ferskt og ha ein klår, sterk grønfarge. Om du kjem over billegare matcha, kan den brukast i matlaging (kjempebra i kaker!). I dag lagde eg latte av rismjølk med kokos, den er søta frå før, så eg treng ikkje tilsette noko. Men i fjor brukte eg mykje soyamjølk eller kumjølk, og det var eigentleg litt betre. Går sannsylegvis an å lage med rein kokosmjølk òg, om du likar kokos. Seinare i sommar skal eg prøve med heimelaga mandelmjølk.