Arkiv

Kvardag

heimekontoret heimekontoret2Heimekontor betyr at eg må skjerpe meg sikkeleg for å ikkje gjere alle andre ikkje-jobbrelaterte ting, ikkje tenkje å blomane som må vatnast, klesvasken som må setjast på, oppvasken, etc. Men herlighet så fint det er å berre kunne stå opp, lage ein kopp te og starte jobbinga. Nyte at det er heilt stille rundt meg og at eg får litt tid åleine (det er veldig sjeldan at det skjer når ein bur i ein by). I dag skriv eg på masteren min og eit føredrag eg skal halde i Trondheim i helga (jei!), pluss at eg prøvar å drikke opp vår-teen min frå i fjor. I dag: Grøn kinesisk te. Elskar det. Vår i ein mummikopp!

I dag var litt annleis enn alle andre typiske heimekontordagar: Kjærasten min spanderte impulsfrukost på kafé. Eg og han sat oss i ein lånt bil og køyrde frå Grünerløkka til Pilestredet (Eg veit! Men eg øvar meg til lappen, og då må vi køyre så ofte vi kan) og drakk kaffi og las avis ute. Klokka ti var eg tilbake, med ein fin-merkeleg bukett med blomar i handa (har eg nemnt at kjærasten min er verdas beste?) som luktar heilt fantastisk søtt og skogaktig. Den fekk vere med på skrivebordet som selskap. Sitrontreet som eg planta frå ein stein i fjor, står heilt til venstre. Om seks år kan eg hauste inn ferske sitroner.

Advertisements

kjærleikHurra for kjærleiken! Her kjem nokre te-relaterte tips til kva de kan finne på til valentinsdagen om de vil setje litt ekstra pris på ein kjærast, venn, mamma, pappa eller søsken. Eg er ikkje veldig fan av slike kommersielle dagar der alt handlar om å bruke pengar, men tenkjer at det er veldig bra å bli minna på å gjere noko fint for andre. Og det treng jo ikkje vere spesielt dyrt, vanskeleg eller stress.

1. Lag di eiga teblanding med smak. Bruk ein god te som base (vel sjølv om du vil bruke kvit, svart, eller grøn te) og bland i tørka urter, blomar eller frukt som du vil. Når eg ein sjeldan gong drikk slike blandingar, er eg svak for smakar som mynte, rose eller lavendel. Det meste får ein kjøpt på helsekostbutikkar. Når du først er i gong, er det lett å lage mykje. Putt blandinga i ein fin teboks (obs! helst lufttett og lystett) og lag ein personleg etikett.

2. Inviter til tesalong. Om du har utstyret til det og vil gjere det med skikkeleg stil, inviter til kinesisk eller japansk tesermoni (mange videoar på youtube). Eller inviter på skikkeleg britisk afternoon tea med kaker og sandwich. Eller gå for ein skikkeleg avslappa salong der folk kan komme og drikke deg ut av teskuffa/tehylla di medan de kan snakke lenge om alt mellom himmel og jord. Ekstratips: Lag ein skikkeleg styggmorosam invitasjon og send på e-post.

3. Arranger drink-kveld med te-tema (funkar like bra som romantisk og morosam greie åleine med kjærasten som med full vennefest). Det fins så mange gode drinkar ein kan lage med te! Brygg favoritt-teen din, miks inn sukker eller noko anna søtt etter behov og bland med lys eller mørk rom, sjampanje eller det du har for hand. Ein favoritt hjå meg når det lir utover kvelden er ein stor kopp svart te blanda med ein klunk med konjakk (helsing meg, 80 år). Alkoholfrie drinkar med te er òg veldig enkelt.

4. Om du har ein nerdekjærast som kanskje ikkje er så interessert i te i utganspunktet, kan eg verkeleg tilrå eit tesmakingkurs som gåve. I Oslo arrangerer Palais des Thés slike kurs, dei er veldig fine og passeleg lange. Og så er det så bra å gje aktivitetar og kvalitetstid i gåve.

Håpar de får ei fin helg, både om de vel å feire valentinsdagen eller ikkje! Ps. Om de har lyst til å røyste på meg i blogg-kåringa som framtida.no har, kan de gjere det her.

 

sølvDet har skjedd gradvis, men plutseleg er lyset attende. I Oslo har det vore eit merkeleg, deileg påskevêr dei siste dagane (ein varm tanke til dei som har hatt kjempa mot stormen!). Sjølv om den kvite årstida nærmar seg slutten, er det på denne tida eg har mest lyst på kvit te. Ein klassikar eg stadig kjem attende til er Silver Needle, ein mjuk, søt, enkel og mild kvit variant. Den har fått namnet sitt fordi blada liknar små sølvnåler, og den tørka teen har eit lite lag av kvit pels, dei liknar litt på dei fine pusekattane ein snart kan finne på vårtrea.

sølv2Eg brukar vatn på 80 grader, og lar teen ligge i til eg er nøgd med fargen. Når eg ikkje brukar for varmt vatn, er det ikkje så farleg med trekketida – det skal mykje til for å gjere teen for bitter. Men eit par minutt held, altså. Det som er verdt å merke seg, er at når ein lagar slike milde tear som ikkje har så sterk smak, så er vasskvaliteten ganske viktig. Eg merkar stor skilnad på vatn som har blitt kokt mange gonger (typisk slikt vatn som er att i vasskokaren). Så pass på å bruk heilt friskt oksygenrikt vatn rett frå springen!

sølv3Og så har eg fått eit nytt tre! Er så forelska i det.

Å, det er så mørkt ute! Heldigvis har eg ein te som passar perfekt. Denne fekk eg av eit vennepar som alltid er ute og reiser (hallo i New Zealand eller kvar de er no!). Ein mørk, mørk pu erh, med mykje sødme og jordsmak. Mmm. Kjøpt i Aust-Europa ein stad, med bryggemetode på ein post-it-lapp.

puerTil teen les eg den italienske forfattaren (pseudonym) Elena Ferrante si første bok i ein serie bøker frå Napoli som kjem ut på norsk i slutten av mars. Sidan eg arbeider i forlaget, får eg lese den litt før alle andre. Har eg nemnt at eg er forelska i Italia? I boka får vi eit fantastisk innblikk i korleis det var å vekse opp i Napoli i etterkrigstida. Neste tur til Italia går til Roma i påska. Då eg var der i fjor på den tida, var det vår og eg kunne sykle lettkledd på smale stiar i store parkar. På tide å finpusse italiensken! ferranteBortsett frå å drøyme meg bort til vacanze in cittá calde e fantastici for å jage det siste av mørketida bort, et eg god mat, trenar masse, les, søv, strikkar og held meg unna alkohol. Kjedelig, men frykteleg effektivt.

måndagBack to basics med darjeeling, heimelaga knekkebrød og mos med gulrot og svarte bønner. I år skal eg lese litt fleire bøker, halde fram med å drikke god te, skrive ferdig masteren, ta lappen, kjøpe gifteringar og ein liten hund. Elske og bli elska attende. Gå lange turar med smarte podcast på øyret, invitere fleire til middag og kanskje blogge litt oftare. Kanskje eg burde skrive litt meir om litteratur? 2015, altså.

mynteikassaOm du har lyst på ein boost  av god sjølvkjensle og meistring, kan du prøve å dyrke mynte. Den trivast kjempegodt og tek nesten over heile blomekassa, pressar seg på den andre plantane. Om ein knip av toppane, lagar planten fleire nye toppar, og veks meir utover i staden for berre rett opp.

myntevatnPerfekt i kaldt (eller varmt) vatn når det er varmt ute. Eller som pynt på ei kake, i salaten eller på frukt. Min favoritt for tida er lys melon + mynte + ei klype kanel.