Arkiv

Mat

måndagBack to basics med darjeeling, heimelaga knekkebrød og mos med gulrot og svarte bønner. I år skal eg lese litt fleire bøker, halde fram med å drikke god te, skrive ferdig masteren, ta lappen, kjøpe gifteringar og ein liten hund. Elske og bli elska attende. Gå lange turar med smarte podcast på øyret, invitere fleire til middag og kanskje blogge litt oftare. Kanskje eg burde skrive litt meir om litteratur? 2015, altså.

mynteikassaOm du har lyst på ein boost  av god sjølvkjensle og meistring, kan du prøve å dyrke mynte. Den trivast kjempegodt og tek nesten over heile blomekassa, pressar seg på den andre plantane. Om ein knip av toppane, lagar planten fleire nye toppar, og veks meir utover i staden for berre rett opp.

myntevatnPerfekt i kaldt (eller varmt) vatn når det er varmt ute. Eller som pynt på ei kake, i salaten eller på frukt. Min favoritt for tida er lys melon + mynte + ei klype kanel.

kvitlaukSidan sist har eg planta eit kvitlauksfedd (som internett seier kjem til å bli ein heilt ny og fin kvitlauk), drukke kvit te, reist til vestlandet og tilbake og levert frå meg to eksamenar. Klar til å møte sommaren med kvite, blanke ark!

silverneedle

heimekontor2heimekontorFredag betyr heimekontor, radio, te og masterjobbing. Sjølv om eg strengt tatt har eit eige kontor i den nye leilegheita, blir det liksom stove-kontor når eg er åleine. Dagen starta med at eg fekk plukke meg ut blomar på den lokale blomsterbutikken før opningstid (takk til den beste valentin!) og eg ville sjølvsagt ha tulipanar. I kjøleskåpet sto ei stor skål med granateplekjernar eg hadde laga klar i går. Av og til er eg så lur.

Sidan det er valentisdag (sjølv om eg ikkje er SÅ begeistra), laga eg eit stort glas med grøn te med blomar og mandel (Thé des Vahinés frå Palais des Thés) som smakar skikkeleg romantisk. Hehe.

ferskenblomstOg så kan eg gløtte bort på ferskenblomstgreinene mine, som har fått fine, grøne skot. Og glede meg til konsert i kveld. Håpar alle har fine og produktive dagar!

 

 

Snøen fell tett, men det spirar og gror! I alle fall i vindaugskarmen på kjøkenet mitt. Etter nokre mislukka urte-forsøk er det i alle fall eitt frø som alltid blir grønt og fint, og det berre på eit par dagar. Karse! Plant det i gamle koppar, glas eller utbrende duflys (eg får meg aldri til å kaste fine glaskrukker, og endeleg fekk eg bruk for dei). Karse er jo kjempegodt på skiva med kvitost eller i salaten òg.

vår2Så er det berre å brygge ein kopp me den ultimate vår-teen, og det sikraste teiknet på vår her i huset: dei første knoppane av teplantane i Darjeeling! Denne er frå i fjor. Gler meg som ein liten unge til tebutikkane får inn årets innhausting.

vår1

wpid-20131102_141125.jpgI dag var eg innom Palais des Thés sin butikk i Hegdehaugsveien, og wow, det er verkeleg den beste plassen for bra te i Oslo. Dei som arbeider der er skikkeleg flinke, og eg fekk lov til å vere med å smake ein ny Long Jing som var veldig god (så eg tok med meg litt heim). Sjekk dei heilt nye, enkle merkelappane (t.v.).

I tillegg fekk eg med meg ein annan kinesisk grøn ein, Huang Shan Mao Feng, som lukta så ferskt og himmelsk. Skal smake litt i løpet av helga og prøve å skrive litt om dei. Og så måtte eg fylle opp granateple-lageret mitt litt. Granateple, altså – ei fantastisk frukt.

wpid-20131102_141050.jpg