Arkiv

Natur

mynteikassaOm du har lyst på ein boost  av god sjølvkjensle og meistring, kan du prøve å dyrke mynte. Den trivast kjempegodt og tek nesten over heile blomekassa, pressar seg på den andre plantane. Om ein knip av toppane, lagar planten fleire nye toppar, og veks meir utover i staden for berre rett opp.

myntevatnPerfekt i kaldt (eller varmt) vatn når det er varmt ute. Eller som pynt på ei kake, i salaten eller på frukt. Min favoritt for tida er lys melon + mynte + ei klype kanel.

Advertisements

1. At det regnar og at eg kan vere inne med ein kopp fantastisk te frå Yunnan. Frå ei lilla tebusk, meir om dette seinare!

lillayunnan2. Å kunne sjå ut på ei blomekasse med urter og blomar og glede seg til dei veks til.

kasse2 3. Å  ha fått tid til å potte om dei sårt trengande paprika- og chiliplantane som endeleg har fått meir plass.

ompotting 4. Sette plantane i glaset på heimekontoret og ha endå fleire plantar utanfor i blomekassa. Kjenne lukta av den marokkanske mynten kvar gong eg opnar glaset.

kasse1 5. Chia-pudding til lunsj med heimelaga (!) mandelmjølk.

chiamandel 6. Å kunne sykle overalt med denne flotte 64-åringen (og hjelm, sjølvsagt).

sykkel 7. Ha ein vindaugskarm som er full av spirande greier. Vår!

kvitlaukingefær 8. Ny såpe som er handlaga og luktar mint. Og søt såpekopp.

mintsåpe 9. Sykle oppover Grünerløkka og oppdage at to kule kvinner har fått ein eigen benk.

benk 10 . Ha ein kjærast med hytte ved vatnet utanfor Oslo, og som er flink til å køyre bil og ro, slik at vi kjem oss trygt fram (og tilbake). Helgeturar. Null dekning.

hytta 11. (Bonus!) Få vener på middagsbesøk som tek med kvite peonar.

kvitpeon

IMAG0757IMAG0777IMAG0781I går var eg på båttur i den svenske skjergarden. Sol, skarp luft, duve roleg til den jamne motorduren frå båten. Bytta ut koppen med te med eit glas kvitvin.

IMAG0786Pause. Billig, bitter seminar-te på ei trapp i sola. Når ein sit i møte i mange timar, og den einaste teen som er tilgjengeleg er lipton/twinings posete, er eit alternativ sjølvsagt å berre gå for kaffi (eller urtete, om det er). Men det er faktisk ein del grep det går an å ta for å gjere teen litt mindre vond.

Første grep er å senke temperaturen, særleg viss det er snakk om grøn te. Det er ofte kaldt vatn tilgjengeleg, så det er berre å helle ein god slump opp i det kokande vatnet før du duppar teposen i. Andre grepet er å ikkje trekkje teen så lenge. Eitt minutt på den grøne, eitt og eit halvt på den svarte. Det er faktisk nok. Eg plar ofte kutte endå meir ned på trekketida. Pose-te blir veldig lett bitter. Viss det har skjedd, går det an å døyve smaken ved å helle i litt mjølk (om det er svart te).

Eit anna tips er å ta med nokre posar av ein te med litt høgare kvalitet i ein liten boks eller pose i veska når ein er på farta, men det er viktig å hugse på at det ikkje er ein ideell stad for å oppbevare te.

IMAG0697IMAG0685IMAG0695Oslo er ein grøn by, og det er kanskje noko av det eg elskar aller mest med å bu her. I går sto eg opp med sola i ansiktet og rusla litt rundt i Botanisk hage og Geitmyra skulehage (som hadde open dag). Fekk til og med helse på ein hest. Lukta av blomar! Mangla berre ei god bok – og ein kopp te.

IMAG0701Seinare gjekk eg innom Tranen på Alexander Kiellands plass for å jobbe litt og teste ut litt te. Det var ingen trykt temeny eller eit synleg utval av kva dei hadde å tilby, men eg enda opp med ein heilt ok darjeeling. Som vanleg fekk eg teen servert med teblada framleis i koppen og utan informasjon om trekketida. Heldigvis var vatnet nokolunde temperert.

Og forresten: Godt val! Eg skal i alle fall røyste på eit parti som går til val på å verne dei grøne områda i byane.