Arkiv

Oolong

Det er tidleg adventssundag, berre radioen som spelar roleg klassisk musikk og eg har ei altfor stor bok. Kaldt ute, varmt inne, rundstykker i omnen. I koppen er ein relativt ny oolong frå ein ny bergensbasert tebutikk, Tedragen. (Eg kjøpte òg ein heilt nydeleg pu-erh). Det er så bra at det kjem fleire norske tebutikkar som har kvalitetste! Denne teen heiter Da Hong Pao, eller Stor raud kappe. Bakgrunnen for namnet står trykt utanpå pakken, og eg elskar å lese slike historier, sjølv om det sikkert berre er to prosent sanning i dei. Den har høg oksideringsgrad, mørk i fargen og ganske søt. Om du ikkje har drukke så mykje oolong før, ville eg ha starta med ein litt lysare ein, men dei mørke er veldig gode om hausten og vinteren.

goldfinchraud kappeResten av dagen skal eg jobbe hardt hardt hardt med master og feire med Interstellar på kino. Ha ein fin adventssundag!

Så er eg tilbake frå min uannonserte og å så etterlengta sommarferie. Eg vil gjerne dele eit tips til drikke i denne uuthaldelege heten, og det er ein vri på tradisjonell iste. Ikkje så revolusjonde kanskje, men veldig godt og kjølande.

1. Trekk ein te som ikkje er særleg ekstravagant, og som kanskje har blitt liggande ei stund. Gjerne med tilsatt smak om du likar det. Eg valde ein klassisk lys oolong, dong ding. Viss du har tid kan du kaldbrygge han lenge, eg trakk han i ti minutt i ca 60-70 grader før eg kjølte ned. Ver ganske raus med doseringa, han skal vere alt for sterk.

2. Bland med iskaldt vatn med kolsyre, som Farris bris eller liknande. Blandingsforholdet skal vere om lag ein del te, to delar vatn. Eller slik du likar det best.

3. Sleng på ei sitronskive eller anna pynt (eg brukte litt mynte). Ferdig!

istebris

 

gulloolong og bokKvardagen er så full av jobb, skule, smarttelefonar, facebook, alltid nye artiklar som ser spennande ut, nye oppdateringar på nettavisene, e-post heile dagen og heile kvelden, tekoppen som blir kald før ein rekk å drikke noko, alle bøkene som ligg halvleste på nattbordet, alltid noko som distraherer. Av og til må eg øve på å konsentrere meg, øve seg på å leggje ting vekk. Det treng ikkje vere meir enn ein time om gongen.

Eg kjenner at eg av og til har behov for litt påfyll som ikkje berre er ein flyktig, overflatisk artikkel eller blogg, men noko litt meir djuptgåande. No for tida les eg den nyaste boka til Eric Schlosser om atomvåpenindustrien, ein skremmande 600-siders reportasje han har brukt seks år på å skrive. Eg traff han når han var i Oslo for å halde eit føredrag førre veke, fekk signert boka og høyre han snakke om den galskapen det faktisk er; at nokre få land har våpen som kan utslette jorda mange gonger. Det fins faktisk fleire atomvåpen i verda enn pandaer. Tenk litt på det.

gulloolongTil dei små lesestundene mine drikk eg te, denne gongen ein mørk, gamal oolong frå 1999. Framleis prima smak.

Det er viktig å drikke mykje vatn, men av og til vanskeleg å få det til. Særleg om ein er litt småsjuk og hostar og nys. Om eg ikkje er tørst er det ikkje så innbydande å presse i seg liter etter liter, så eg drikk som oftast te.

Men så passar eg på å alltid ha eit lite lager av sitroner på kjøkkenbenken. Det eldste trikset i boka, men vatnet blir så mykje betre! Og nokre frosne bær som isbitar. Eller litt urter (basilikum er overraskande godt), agurk, appelsin, eigentleg all frukt. Dessutan er jo frukt i seg sjølv ganske rikt på vatn.

vatnOm du vil ha ein te som slukkar tørsten er det oolong som funkar best for meg, varm eller kald. (Har skrive om å trekke kald oolong her). I dag har eg funne tilbake til ein gamal favoritt, Dong Ding. Ein basic oolong som alle teelskarar burde ha i skåpet. Trekk på 80 grader i tre-fire minutt, alt etter doseringa, men la den gjerne kjøle seg meir ned før du drikk. Eg likar ofte teen ganske lunken, då kjem smaken betre fram. Om trekkinga har gått bra, då.

Så er det berre å helle nedpå!

oolongkannehydrate

wpid-20131009_113702.jpgwpid-20131009_113820.jpgwpid-20131009_113935.jpgwpid-20131009_114229.jpgwpid-20131009_114037.jpgNår eg har god tid, lagar eg til teen inspirert av kinesisk tradisjon, med ein tesermoni. Det er ein heilt eigen, liten vitskap som gjer at du får mykje ut av eksklusive, dyre tear. Å lage teen slik er nesten som meditasjon, kroppen roar seg ned og det er enklare å nyte teen fullt ut. Perfekt på ein søndag.

Skal skrive meir om dette ein gong, men i mellomtida kan de jo hente inspirasjon på youtube (mange fine filmar med cheesy, asiatisk bakgrunnsmusikk).

Teen eg drikk i dag er ein gamal oolong bao zhong frå 1999 (!) som er middels-kraftig oksidert, klår farge i koppen og ein intens smak. Fantastisk.

wpid-20131007_205915.jpgwpid-20131007_210025.jpgwpid-20131007_210112.jpgwpid-20131007_210425.jpgSein måndagskveld i det litt rare, kunstige kjøkenlyset i ei elles mørk leilegheit. Kuttar opp eit blødande granateple og lagar ei lita kanne med oolong frå Tehuset, kjøpt i fjor (på tide å drikke den opp!). Eg trakk denne i sikkert ti minutt på litt under 80 grader, sidan eg likevel berre hadde tenkt til å trekke blada ein gong. Fann fram ein av dei finaste tekoppane mine. Fordi det ikkje er nokon god grunn til at eg ikkje skulle gjere det.

IMAG1074Når det er kaldt ute, burde det kanskje helst vere noko varmt i koppen. Men te er òg veldig godt kaldt. Og heimelaga iste, kaldbrygga på kvalitetsblad, er doggfrisk og  sunnare enn isteen du får kjøpt på butikken. Det må kanskje litt tilvenning til – denne teen er utan tilsett søtning, berre te og vatn. Om du er lei av vatn, og ikkje har lyst på saft med sukker eller kunstig søtsmak, så er iste perfekt. I tillegg får du masse ekstra vitaminar på kjøpet.

Korleis gjer du det? Finn fram til den teen du har lyst på – oolong og grøn te passar fint, vel gjerne ein med tilsette smakar (naturlege) som mynte, kirsebær eller blomar om du likar det. La teen trekke i ei tekanne i berre kaldt vatn i nokre timar, gjerne over natta. Resultat: Fantastisk fersk og tørsteslukkande kald te. Du treng ikkje å ha fancy teutstyr, du kan berre helle te og vatn i ein vanleg mugge og berre helle gjennom ei sil når du skal drikke det òg. Ver kreativ.

I går kveld kaldbrygga eg oolongteen eg kjøpte i Sverige på Tekultur, etter tips om at den var spesielt god til dette. Det er ein mørk oolong frå Taiwan som heiter «Dark Pearl», og den sette mykje smak og fin farge på vatnet, veldig fruktig. Så god at eg slukte i alle fall ein halv liter til frukosten i dag tidleg. Kanna mi (på biletet) tek om lag ein liter vatn, og eg brukte vel 10-15 gram te til det. Men det blir ikkje bittert, så det er ikkje så farleg om du brukar litt for mykje.

Ekstratips: På Palais des Thés i Oslo har dei eigne tear som dei tilrår til brygging av iste. Dei er gode!