Arkiv

Reise

DSC_0004Førre helg var eg i London, og kom over ein skikkeleg bra butikk med stort utval av kinesisk kvalitetste. Eg har lenge vore på leit etter autentisk Pu Erh, og fann ei skikkeleg bra kake her. London var forresten fantastisk, fint å ha så fine vener som lar meg få tak over hovudet og shopping-selskap. (Les om søndagen min her, på Mariell sin blogg).

DSC_0005Pu Erh (Yunnan Chi Tse Beeng Cha) er Pu Erh, samanpressa i ei kake og lagra i alle fall i ein ti års tid for å få fram den verkeleg gode smaken. Ekte Pu Erh kjem frå Yunnan i Kina. Du kan få kjøpt teen med lause blad, unge tear som er «rå», men eg kjøpte altså ei kake med fermentert te, som altså er gjæra.

DSC_0007Stikk ein skarp kniv inn i kanten på kaka som om du skulle dele den i to, og vri litt på kniven. Forsiktig! Så tar du eit fast grep om kanten på kaka og lirkar av små bitar, men prøv å ikkje knekke blada, men riv den frå kvarandre der den naturleg deler seg. Fast, men mildt. (Som de ser har eg allereie rukke å drikke nokre koppar av kaka allereie).

DSC_0008Ha litt te i kanna (eg bryggjer på Gong Fu Cha-vis, du kan bruke ein gaiwan (liten kopp) viss du heller vil det) og hell på kokande (ja, faktisk) vatn og skyll av teen i løpet av nokre sekund. Dette skal ein eigentleg gjere med alle slags tear i følgje den kinesiske tetradisjonen, men eg plar ikkje gjere det med veldig gode tear fordi eg tykkjer det tek litt av smaken (og eg vil liksom ikkje kaste det bort). Men når det gjeld så gamle tear, tykkjer eg det er greit med ein liten «vask».

DSC_0010Så er det berre å heller på varmt vatn (om lag hundre grader, litt under), vente, og helle av. For kvart trekk, kan du vente litt lenger. Det er berre å prøve seg fram. For sterk Pu Erh smakar veldig, eh, sterkt. Det er ikkje alle som likar denne smaken, men om du gjer det riktig kan det vere ei heilt fantastisk smaksoppleving. Eg kjenner fleire som før har vore hekta på god kaffi som blir hekta på god Pu Erh. Viss eg skal prøve å skildre, må det vere at den smakar mørk, våt og søt jord.

IMAG0994IMAG0986IMAG1002IMAG1014IMAG1023
Om du nokon gong er i Göteborg og er på leit etter skikkeleg god te, sjå til at du går innom fabelaktige Tekultur, som ligg i Andra Långgatan 7, like ved Haga. Liten butikk, men du verda for eit utval av fine tear (og kanner, koppar og kar). Triveleg og kunnskapsrik fyr bak disken òg. Det er ein rein te-butikk, så du slepp lukta av fersk kaffi som snik seg innpå medan du prøvar å lukte deg fram til god te. Kjøpte to små japanske koppar, ei tesil, ein kvit te og ein mørk oolong. Gler meg til å smake dei! Skal skrive meir om det seinare. Ps. For ein skikkeleg fin by!

wpid-IMAG0969.jpgIMAG0982IMAG0974
Vinka ha det til Kjartan Slettemark i puddelkostyme på Oslo S (ein av mine favorittkunstnarar!) og tok toget til Göteborg. I kveld skal eg feire eit par ting og skåle i champagne, i morgon skal eg leite etter ein bra te-butikk eg har fått tips om. Håpar alle ser fram mot ei fin helg. Stress ned og ta ein kopp te!