Arkiv

Te i Oslo

etikettDette er altså teen eg har drukke på dei siste dagane. Ein first flush frå Darjeeling som ikkje smakar som noko first flush eg har drukke tidlegare år. Smaken er meir kompleks og «mørkare» enn fleire av dei andre på marknaden. Tyngre smaksnotar som frukt, mandel og honning – og litt bitter mot slutten. Men lett til å vere ein svart te. Fargen er ein heilt fantastisk gull-aktig oransje, som er uendeleg vakker gjennom den skarpe vårsola som vi har i Oslo for tida. Eg smakte på denne før eg kjøpte den, så eg visste at den var god. Og fordi smaken er så samansett har eg ikkje gått lei – berre meir begeistra for kvar gong eg drikk han.

darjeelingmissionhillBlada er rulla saman og er for det meste mørkegrøne. Og så luktar dei kjempegodt og nesten litt krydra.

darjeelingisolOm du berre skal ha ein first flush i år, kan eg verkeleg tilrå denne. Av dei andre eg smakte på Le Palais des Thés, var òg ein frå Teesta Valley veldig, veldig god, og ein eg vurderer å kjøpe. Om du ikkje har smakt så mykje first flush frå Darjeeling før, kan eg òg tilrå den frå Longview. Den er veldig lett og lys. For meg er dette vårkjensle i ein kopp! Det er ein grunn til at desse teeane er kjende som teens Champagne.

Advertisements

puerhlysEg elskar vakre teblad. Heile, store, sterke blad som brettar seg meir og meir ut for kvart trekk. Og så blir eg veldig fascinert av tear der nesten heile planten er brukt: toppskota, store blad, stilken. Ah. Akkurat slik er den nye teen eg kjøpte med meg frå Palais des Thés på måndag.

puerhbladBlada tørka, og etter fjerde trekking.

puerhkoppDet er ein pu er, men ikkje som pu er-ar eg har smakt før. Sjølv om denne òg har ein ganske spesiell smak. Eg elskar den, men innser at dei fleste må lære seg å like den. Som kaffi og øl. Pu er eg har smakt før er ein «kokt» type, men denne er rå, eller meir grøn. Det gjer at fargen og smaken blir meir lik oolong eller grøn te, og eg likar det. Desse teane kan bli veldig gamle, og kan godt lagrast i 20-30 år og berre bli betre og søtare med åra. Då blir dei ofte lagra samanpressa i kaker, men min er i lausvekt. Denne eg har kjøpt er nok ikkje så gamal, men smakar likevel kjempegodt!

puerhoverEg hadde med meg teen på jobb i ein praktisk og fin boks, og trakk den fire gongar (og då orka eg ikkje meir). Fargen var veldig klår og lysande gullaktig. Smaken var utan tvil litt pu er-sk, det vil seie at den smakte litt jord (eller underskog, som vi lærte på te-kurset). Med eit hint av fjøs. Men desse smakane er ikkje så framtredande her. Den er heller veldig vegetal, litt fruktig. Den var litt meir bitter enn søt, det kjem kanskje av at han ikkje er lagra så lenge. Den er ikkje så veldig sterk på smak om du ikkje trekk den så lenge. Eg trakk min på rundt 80 grader, med fleire trekk på alt frå 30 sekund og opp til eitt-to minutt kvar gong. Eg synes smaken er veldig spennande, er liksom ingen andre smakar som kan samanliknast med den.

puerhposeDa ye er namnet på planten teen kjem frå, ein teplante med store blad som blir brukt til pu er. Sauvage betyr vel «vill», så kanskje den er laga på ville teplantar? Prøv!

tekursI går var eg på tekurs! Palais des Thés i Oslo har tekurs kvar måndag klokka 18, der kursdeltakarane blir guida gjennom forskjellige typar te og lærer litt om smak, produksjonsmetodar, bryggeteknikkar og tehistorie. Det passar veldig godt for folk som ikkje kan særleg mykje frå før. Men sjølv om eg hadde smakt alle teane vi fekk servert, lærte eg ein del nytt likevel. I tillegg fekk vi ein demonstrasjon av både den kinesiske og den japanske tesermonien. Og så fekk vi smake matcha (grøn, pulveristert japansk te) med kvit sjokolade. Killer-kombinasjon, altså.

Sjølve kurset fekk eg gratis, men eg hadde tenkt lenge at eg burde teste det ut. Alle som er med på kurs får litt rabatt på te etter kursslutt, så sjølv om eg hadde lova meg sjølv å ta ei lita pause i teshoppinga, kjøpte eg med meg ein spennande, rå pu erh som eg testar ut i dag. Skal skrive meir om den seinare! Den virkar veldig lovande.

 

wpid-20131102_141125.jpgI dag var eg innom Palais des Thés sin butikk i Hegdehaugsveien, og wow, det er verkeleg den beste plassen for bra te i Oslo. Dei som arbeider der er skikkeleg flinke, og eg fekk lov til å vere med å smake ein ny Long Jing som var veldig god (så eg tok med meg litt heim). Sjekk dei heilt nye, enkle merkelappane (t.v.).

I tillegg fekk eg med meg ein annan kinesisk grøn ein, Huang Shan Mao Feng, som lukta så ferskt og himmelsk. Skal smake litt i løpet av helga og prøve å skrive litt om dei. Og så måtte eg fylle opp granateple-lageret mitt litt. Granateple, altså – ei fantastisk frukt.

wpid-20131102_141050.jpg

IMAG1074Når det er kaldt ute, burde det kanskje helst vere noko varmt i koppen. Men te er òg veldig godt kaldt. Og heimelaga iste, kaldbrygga på kvalitetsblad, er doggfrisk og  sunnare enn isteen du får kjøpt på butikken. Det må kanskje litt tilvenning til – denne teen er utan tilsett søtning, berre te og vatn. Om du er lei av vatn, og ikkje har lyst på saft med sukker eller kunstig søtsmak, så er iste perfekt. I tillegg får du masse ekstra vitaminar på kjøpet.

Korleis gjer du det? Finn fram til den teen du har lyst på – oolong og grøn te passar fint, vel gjerne ein med tilsette smakar (naturlege) som mynte, kirsebær eller blomar om du likar det. La teen trekke i ei tekanne i berre kaldt vatn i nokre timar, gjerne over natta. Resultat: Fantastisk fersk og tørsteslukkande kald te. Du treng ikkje å ha fancy teutstyr, du kan berre helle te og vatn i ein vanleg mugge og berre helle gjennom ei sil når du skal drikke det òg. Ver kreativ.

I går kveld kaldbrygga eg oolongteen eg kjøpte i Sverige på Tekultur, etter tips om at den var spesielt god til dette. Det er ein mørk oolong frå Taiwan som heiter «Dark Pearl», og den sette mykje smak og fin farge på vatnet, veldig fruktig. Så god at eg slukte i alle fall ein halv liter til frukosten i dag tidleg. Kanna mi (på biletet) tek om lag ein liter vatn, og eg brukte vel 10-15 gram te til det. Men det blir ikkje bittert, så det er ikkje så farleg om du brukar litt for mykje.

Ekstratips: På Palais des Thés i Oslo har dei eigne tear som dei tilrår til brygging av iste. Dei er gode!

 

IMAG0814wpid-IMAG0819.jpgFørst ein tur innom Matstreif for å hjelpe ein venn med å selje superbra økologisk is (Isrosa), så på høstutstillinga der ei venninne, Ina Bache-Wiig, debuterte med tre verk (!!!) og så slokne i ein stol på Tehuset i dempa belysning med ei god kanne med gul te frå Yunnan (søt, mellomting mellom grøn og kvit te). Prøv den! Så heim for å kvile bein og lade opp til kvelden. Puh! God laurdag!

IMAG0790Tesmaking av Grand Cru-tear på Oslo Bokfestival etter jobb. Hadde alle teane i tesamlinga frå før, så var eigentleg ikkje noko nytt. Men bra tiltak. Meir av sånt!

IMAG0799Så sjokolade (og mykje meir bra ostar, grønnsaker og sånt) på Matstreif, matfestivalen som blir arrangert i Oslo i helga. Alle må berre komme seg dit! Så rett heim til sofaen og bra tv-serie og kjærestekveld.

IMAG0809Te og sjokolade er ein kjempebra kombinasjon. Darjeeling plar vere eit bra val, så eg gjekk for 2nd flush-en eg kjøpte på Tehuset førre helg. Den er frå Tumsung-området og har ein djup smak med hint av nektar, muscatel og litt blomar. Den passa fint!