Arkiv

Tips

Det har vore ei stund sidan sist innlegg, og sidan sist har eg levert masteroppgåva mi! Den første frihelga mi på lang lang tid har eg mellom anna brukt til å lage årets første matcha latte. Det er ein skikkeleg sommardrikk om den lagast kald, men er veeeldig god med varm, steama mjølk òg. matchalatte1  matchalatte2 matchalatte3matchalatte4 matchalatte5Eg kjøpte matchapulveret (som er knuste blad av japansk grøn te) på Black Cat i Oslo. Det kosta 379 kroner, som er ein ganske stiv pris for berre 30 gram. Men akkurat når det gjeld matcha er det viktig å ha skikkeleg god kvalitet på det pulveret ein skal lage te av, spesielt om ein skal drikke det på tradisjonelt vis. Det skal vere ferskt og ha ein klår, sterk grønfarge. Om du kjem over billegare matcha, kan den brukast i matlaging (kjempebra i kaker!). I dag lagde eg latte av rismjølk med kokos, den er søta frå før, så eg treng ikkje tilsette noko. Men i fjor brukte eg mykje soyamjølk eller kumjølk, og det var eigentleg litt betre. Går sannsylegvis an å lage med rein kokosmjølk òg, om du likar kokos. Seinare i sommar skal eg prøve med heimelaga mandelmjølk.

 

kjærleikHurra for kjærleiken! Her kjem nokre te-relaterte tips til kva de kan finne på til valentinsdagen om de vil setje litt ekstra pris på ein kjærast, venn, mamma, pappa eller søsken. Eg er ikkje veldig fan av slike kommersielle dagar der alt handlar om å bruke pengar, men tenkjer at det er veldig bra å bli minna på å gjere noko fint for andre. Og det treng jo ikkje vere spesielt dyrt, vanskeleg eller stress.

1. Lag di eiga teblanding med smak. Bruk ein god te som base (vel sjølv om du vil bruke kvit, svart, eller grøn te) og bland i tørka urter, blomar eller frukt som du vil. Når eg ein sjeldan gong drikk slike blandingar, er eg svak for smakar som mynte, rose eller lavendel. Det meste får ein kjøpt på helsekostbutikkar. Når du først er i gong, er det lett å lage mykje. Putt blandinga i ein fin teboks (obs! helst lufttett og lystett) og lag ein personleg etikett.

2. Inviter til tesalong. Om du har utstyret til det og vil gjere det med skikkeleg stil, inviter til kinesisk eller japansk tesermoni (mange videoar på youtube). Eller inviter på skikkeleg britisk afternoon tea med kaker og sandwich. Eller gå for ein skikkeleg avslappa salong der folk kan komme og drikke deg ut av teskuffa/tehylla di medan de kan snakke lenge om alt mellom himmel og jord. Ekstratips: Lag ein skikkeleg styggmorosam invitasjon og send på e-post.

3. Arranger drink-kveld med te-tema (funkar like bra som romantisk og morosam greie åleine med kjærasten som med full vennefest). Det fins så mange gode drinkar ein kan lage med te! Brygg favoritt-teen din, miks inn sukker eller noko anna søtt etter behov og bland med lys eller mørk rom, sjampanje eller det du har for hand. Ein favoritt hjå meg når det lir utover kvelden er ein stor kopp svart te blanda med ein klunk med konjakk (helsing meg, 80 år). Alkoholfrie drinkar med te er òg veldig enkelt.

4. Om du har ein nerdekjærast som kanskje ikkje er så interessert i te i utganspunktet, kan eg verkeleg tilrå eit tesmakingkurs som gåve. I Oslo arrangerer Palais des Thés slike kurs, dei er veldig fine og passeleg lange. Og så er det så bra å gje aktivitetar og kvalitetstid i gåve.

Håpar de får ei fin helg, både om de vel å feire valentinsdagen eller ikkje! Ps. Om de har lyst til å røyste på meg i blogg-kåringa som framtida.no har, kan de gjere det her.

 

sølvDet har skjedd gradvis, men plutseleg er lyset attende. I Oslo har det vore eit merkeleg, deileg påskevêr dei siste dagane (ein varm tanke til dei som har hatt kjempa mot stormen!). Sjølv om den kvite årstida nærmar seg slutten, er det på denne tida eg har mest lyst på kvit te. Ein klassikar eg stadig kjem attende til er Silver Needle, ein mjuk, søt, enkel og mild kvit variant. Den har fått namnet sitt fordi blada liknar små sølvnåler, og den tørka teen har eit lite lag av kvit pels, dei liknar litt på dei fine pusekattane ein snart kan finne på vårtrea.

sølv2Eg brukar vatn på 80 grader, og lar teen ligge i til eg er nøgd med fargen. Når eg ikkje brukar for varmt vatn, er det ikkje så farleg med trekketida – det skal mykje til for å gjere teen for bitter. Men eit par minutt held, altså. Det som er verdt å merke seg, er at når ein lagar slike milde tear som ikkje har så sterk smak, så er vasskvaliteten ganske viktig. Eg merkar stor skilnad på vatn som har blitt kokt mange gonger (typisk slikt vatn som er att i vasskokaren). Så pass på å bruk heilt friskt oksygenrikt vatn rett frå springen!

sølv3Og så har eg fått eit nytt tre! Er så forelska i det.

Det er tidleg adventssundag, berre radioen som spelar roleg klassisk musikk og eg har ei altfor stor bok. Kaldt ute, varmt inne, rundstykker i omnen. I koppen er ein relativt ny oolong frå ein ny bergensbasert tebutikk, Tedragen. (Eg kjøpte òg ein heilt nydeleg pu-erh). Det er så bra at det kjem fleire norske tebutikkar som har kvalitetste! Denne teen heiter Da Hong Pao, eller Stor raud kappe. Bakgrunnen for namnet står trykt utanpå pakken, og eg elskar å lese slike historier, sjølv om det sikkert berre er to prosent sanning i dei. Den har høg oksideringsgrad, mørk i fargen og ganske søt. Om du ikkje har drukke så mykje oolong før, ville eg ha starta med ein litt lysare ein, men dei mørke er veldig gode om hausten og vinteren.

goldfinchraud kappeResten av dagen skal eg jobbe hardt hardt hardt med master og feire med Interstellar på kino. Ha ein fin adventssundag!

Så er eg tilbake frå min uannonserte og å så etterlengta sommarferie. Eg vil gjerne dele eit tips til drikke i denne uuthaldelege heten, og det er ein vri på tradisjonell iste. Ikkje så revolusjonde kanskje, men veldig godt og kjølande.

1. Trekk ein te som ikkje er særleg ekstravagant, og som kanskje har blitt liggande ei stund. Gjerne med tilsatt smak om du likar det. Eg valde ein klassisk lys oolong, dong ding. Viss du har tid kan du kaldbrygge han lenge, eg trakk han i ti minutt i ca 60-70 grader før eg kjølte ned. Ver ganske raus med doseringa, han skal vere alt for sterk.

2. Bland med iskaldt vatn med kolsyre, som Farris bris eller liknande. Blandingsforholdet skal vere om lag ein del te, to delar vatn. Eller slik du likar det best.

3. Sleng på ei sitronskive eller anna pynt (eg brukte litt mynte). Ferdig!

istebris

 

mynteikassaOm du har lyst på ein boost  av god sjølvkjensle og meistring, kan du prøve å dyrke mynte. Den trivast kjempegodt og tek nesten over heile blomekassa, pressar seg på den andre plantane. Om ein knip av toppane, lagar planten fleire nye toppar, og veks meir utover i staden for berre rett opp.

myntevatnPerfekt i kaldt (eller varmt) vatn når det er varmt ute. Eller som pynt på ei kake, i salaten eller på frukt. Min favoritt for tida er lys melon + mynte + ei klype kanel.

yixing-kanneI dag reiser eg til Roma! Om de har Roma-tips (te-tips eller andre tips), tek eg gjerne i mot. Her er i alle fall eit tips frå meg: Prøv å lag te i ei yixing-kanne! Det er ei kinesisk tekanne laga av yixing-leire. Det fine (men av og til upraktiske) med slike kanner er at leira trekk til seg litt av tesmaken. Det er vanleg å ha ei kanne til ein type te, i denne kanne trekk eg berre svart kinesisk te. Det vert sagt at ein nesten ikkje treng å bruke teblad etter fleire år med bruk, sidan smaken heng att i tekanna. Men det veit eg ikkje heilt om eg trur på. Men det er viktig å aldri vaske dei med såpe, eller la teblada ligge så lenge at dei mugnar, slik at dei smakane sett seg fast i kanna.

God påske!