måndagBack to basics med darjeeling, heimelaga knekkebrød og mos med gulrot og svarte bønner. I år skal eg lese litt fleire bøker, halde fram med å drikke god te, skrive ferdig masteren, ta lappen, kjøpe gifteringar og ein liten hund. Elske og bli elska attende. Gå lange turar med smarte podcast på øyret, invitere fleire til middag og kanskje blogge litt oftare. Kanskje eg burde skrive litt meir om litteratur? 2015, altså.

Det er tidleg adventssundag, berre radioen som spelar roleg klassisk musikk og eg har ei altfor stor bok. Kaldt ute, varmt inne, rundstykker i omnen. I koppen er ein relativt ny oolong frå ein ny bergensbasert tebutikk, Tedragen. (Eg kjøpte òg ein heilt nydeleg pu-erh). Det er så bra at det kjem fleire norske tebutikkar som har kvalitetste! Denne teen heiter Da Hong Pao, eller Stor raud kappe. Bakgrunnen for namnet står trykt utanpå pakken, og eg elskar å lese slike historier, sjølv om det sikkert berre er to prosent sanning i dei. Den har høg oksideringsgrad, mørk i fargen og ganske søt. Om du ikkje har drukke så mykje oolong før, ville eg ha starta med ein litt lysare ein, men dei mørke er veldig gode om hausten og vinteren.

goldfinchraud kappeResten av dagen skal eg jobbe hardt hardt hardt med master og feire med Interstellar på kino. Ha ein fin adventssundag!

purpleWild Tree Purple Varietal Black Tea of Dehong (Spring 2012). I sommar kjøpte eg ein ganske spesiell te, men den har fått ligge i ro heilt til no. Kanskje var det den intense varmen i år som gjorde at eg ikkje var så ofte i humør til kinesisk svart te. Men no når kveldane er mørkare og dagslyset er skarpare og klårare, så har eg oppdaga denne på nytt. Teen er frå ei eldgamal tebusk med lilla blader, hausta inn i Dehong, som ligg heilt vest i Yunnan-provinsen i Kina. Smakar søtt av honning (nesten sukra) og er veldig mild, litt krydra. Har for det meste brygga teen i ein gaiwan, og då med fleire trekk. Ein gong gøymde eg han litt, men han vart likevel ikkje så bitter som andre svarte tear har ein tendens til å bli. Fargen i koppen er så fin og varm. Eg har ikkje sett denne teen i norske butikkar, så om du har lyst til å prøve bør du kjøpe i ein utanlandsk nettbutikk. Eg kan verkeleg tilrå Yunnan Sourcing, dei har veldig god kvalitet på teen (og eit stort utval av pu er). No ser eg fram til lange, stadig mørkare haustkveldar. Ah.

Så er eg tilbake frå min uannonserte og å så etterlengta sommarferie. Eg vil gjerne dele eit tips til drikke i denne uuthaldelege heten, og det er ein vri på tradisjonell iste. Ikkje så revolusjonde kanskje, men veldig godt og kjølande.

1. Trekk ein te som ikkje er særleg ekstravagant, og som kanskje har blitt liggande ei stund. Gjerne med tilsatt smak om du likar det. Eg valde ein klassisk lys oolong, dong ding. Viss du har tid kan du kaldbrygge han lenge, eg trakk han i ti minutt i ca 60-70 grader før eg kjølte ned. Ver ganske raus med doseringa, han skal vere alt for sterk.

2. Bland med iskaldt vatn med kolsyre, som Farris bris eller liknande. Blandingsforholdet skal vere om lag ein del te, to delar vatn. Eller slik du likar det best.

3. Sleng på ei sitronskive eller anna pynt (eg brukte litt mynte). Ferdig!

istebris

 

mynteikassaOm du har lyst på ein boost  av god sjølvkjensle og meistring, kan du prøve å dyrke mynte. Den trivast kjempegodt og tek nesten over heile blomekassa, pressar seg på den andre plantane. Om ein knip av toppane, lagar planten fleire nye toppar, og veks meir utover i staden for berre rett opp.

myntevatnPerfekt i kaldt (eller varmt) vatn når det er varmt ute. Eller som pynt på ei kake, i salaten eller på frukt. Min favoritt for tida er lys melon + mynte + ei klype kanel.

etikettDette er altså teen eg har drukke på dei siste dagane. Ein first flush frå Darjeeling som ikkje smakar som noko first flush eg har drukke tidlegare år. Smaken er meir kompleks og «mørkare» enn fleire av dei andre på marknaden. Tyngre smaksnotar som frukt, mandel og honning – og litt bitter mot slutten. Men lett til å vere ein svart te. Fargen er ein heilt fantastisk gull-aktig oransje, som er uendeleg vakker gjennom den skarpe vårsola som vi har i Oslo for tida. Eg smakte på denne før eg kjøpte den, så eg visste at den var god. Og fordi smaken er så samansett har eg ikkje gått lei – berre meir begeistra for kvar gong eg drikk han.

darjeelingmissionhillBlada er rulla saman og er for det meste mørkegrøne. Og så luktar dei kjempegodt og nesten litt krydra.

darjeelingisolOm du berre skal ha ein first flush i år, kan eg verkeleg tilrå denne. Av dei andre eg smakte på Le Palais des Thés, var òg ein frå Teesta Valley veldig, veldig god, og ein eg vurderer å kjøpe. Om du ikkje har smakt så mykje first flush frå Darjeeling før, kan eg òg tilrå den frå Longview. Den er veldig lett og lys. For meg er dette vårkjensle i ein kopp! Det er ein grunn til at desse teeane er kjende som teens Champagne.